Hopp til innhold

Einar gir seg som bonde etter snart 60 år

Allereie som 15-åring tok Einar H. Øygarden (73) over familiegarden på Indre Hafslo. I dag kom slaktebilen og bonden tok eit vemodig farvel med dyra sine.

Han var lenge den største melkeprodusenten i Sogn.
Mens andre la ned, har han satsa i Indre Hafslo.
No er det slutt også for dette gardsbruket.

GIR SEG: Etter at det har blitt drive mjølkeproduksjon på garden i 100 år er det slutt.

– Det er vemodig at det er slutt. Men det er ei utvikling i samfunnet at fleire gir seg. Slik er det også her på garden. Når ein blir gammal så må ein gje seg, seier 73 år gamle Einar H. Øygarden.

Slaktebilen frå Nortura har komme på garden for siste gong. Øygarden og kona hjelper til med å leie kyrne trygt gjennom fjøsen og inn i slaktebilen. For siste gong. Det skal ikkje vere meir mjølkeproduksjon på garden.

Einar Øygarden

FOR SISTE GONG: Slaktebilen er på tunet for siste gong for å hente kyrne til Einar Øygarden som gir seg som bonde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er spesielt å tømme fjøsen. Vi har att to kyr og nokre kalvar att som skal leverast til liv, fortel bonden.

Bonde i 60 år

Den snart 73 år gamle bonden Einar H. Øygarden frå Indre Hafslo har drive med mjølkeproduksjon samanhengande i nærare 60 år. Han tok over skøytet på garden i 1958, 15 år gamal. Opp gjennom åra har Øygarden bygt ut garden slik at den har vore ein av dei største mjølkeprodusentane i Sogn.

Einar Øygarden

FARVEL TIL KYRNE: Etter å ha drive garden i nær 60 år er det slutt konstaterer Einar Øygarden. Kva han skal drive med no veit han ikkje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har hatt 40 mjølkekyr på det meste. Det er no lenge sidan, men vi har på det jamne hatt 30 mjølkekyr. Tidleg på 70-talet leverte vi over 200 000 liter og det var ganske mykje på dei tider. Så over tid trur eg ikkje det er mange i Sogn som har levert meir enn vi har gjort.

Han mista faren tidleg og hadde ikkje gått lenge på skulen før han måtte overta drifta av garden.

– Det måtte bli som det vart. Vi måtte overleve. Og då måtte vi drive jordbruk, eg saman med søstera og mor mi. Så eg bygde garden opp til det som er i dag.

Utvikla garden

Han byrja med nokre få kyr og arbeidde seg opp til å bli ein av dei største i fylket på mjølkeproduksjon. Dei siste åra har helsa skranta. Han har fire barn, men ingen vil overta.

– Eg håpte i det lengste at nokon av dei ville ta over. Men vi har ikkje gått så hardt inn på dei heller. Men eg håpar nokon av dei ein eller annan gong vil ta over garden.

Han har fått til mykje i karrieren sin. Ikkje minst har han sett og vore med på ei rivande utvikling av utstyr til landbruket.

Einar Øygarden

LANG YRKESKARRIERE: Det Øygarden hugsar best frå si karriere som bonde var telefonen frå Geno som kåra eine oksen hans til beste avlsokse.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg starta med å slå med hest, så vart det motorslåmaskin, så vart det fôrhaustar, så vart det traktorslåmaskin og rundballepresse. Så det er litt av ei utvikling det har vore.

Imponerande merittliste

For bonden vart 2006 eit heilt spesielt år. Då fekk han utmerking for å ha hatt den beste avlsoksen.

– Det var ei svær oppleving. Det er noko av det eg hugsar best gjennom åra som produsentar var å få avlsstatuetten. Han som ringde frå Geno sa det då var den beste mjølkeindeksen dei hadde sett. Det var svært.

Kva han no skal drive med dagane med veit han ikkje heilt.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Men eg kan lese litt meir då. Så får eg prøve å bevege meg litt og. Vi får sjå.