– Røykdykkarane har gjort eit funn av ein død person inne i leilegheita, seier lensmann Nils Bakke i Vågsøy.
Politiet fekk melding om brannen i Gate 1 i Måløy rundt klokka halv seks. Dei fortalde då at dei ikkje hadde fått kontakt med ein av dei som bur i leilegheita det brann i.
- Les også:
No er altså ein person stadfesta død etter brannen.
Bakke seier at dei antek at det er den sakna mannen i 60-åra.
– Vi har ikkje fått stadfesta at det er den sakna, og det vil vi ikkje få før obduksjonen over helga. Vi reknar med at det er den sakna, men kan ikkje seie det sikkert før vi har ein identifikasjon.
Dei pårørande er varsla
Den sakna budde ikkje aleine i leilegheita, men ingen av familiemedlemmane var heime. Dei pårørande er no varsla om likfunnet.
– Den sakna budde i leilegheita saman med familien, men resten av familien var bortreist i helga, seier Bakke.
Politiet veit førebels lite om brannårsaka.
– Den kan vi ikkje sei noko om. Det er store brannskadar og vi vil truleg ikkje få tatt ei skikkeleg undersøking før over helga.
Driv framleis ettersløkking
– Det er framleis litt røykutvikling. Det brenn ikkje opne flammar lengre, men brannvesenet vil nok måtte drive ettersløkking i fleire timar framover, seier Bakke.
Huset det har brent i er både eit næringsbygg og eit bustadhus. Brannen har truleg starta i ei av leilegheitene. Den leilegheita var lenge overtent, og det gjekk lang tid før røykdykkarane klarte å ta seg inn i huset.
Lensmann Nils Bakke fortel at det har vore fare for at røyken spreier seg til nabobygga.
– Vi har prøvd å hindre det. Vi har stengt av ventilasjonsanlegga i nabobygga, og lukka alle vindauga.
I 12:30-tida melder politiet at brannen er sløkt, men det er framleis ein brannbil i beredskap om brannen skulle blusse opp att.