Hopp til innhold

Brann i Måløy sentrum

MÅLØY (NRK): Røykdykkarlaga har gått inn i leilegheita.

Brann i Måløy

RØYKUTVIKLING: Det brenn framleis i bygget i Måløy.

Foto: Tipser

OPPDATERT: Ein person stadfesta død etter brann i Måløy

– Det har vore ein brann i øvste etasje i eit bygg i Gate 1. Det er ein blanding av næringsbygg og bustad, seier Hatlenes.

Det seier operasjonsleiar Trond Hatlenes i Vest politidistrikt.

Lensmann Nils Bakke

PRØVAR Å HINDRE RØYKUTVIKLINGA: Lensmann Nils Bakke.

Foto: Eva Westvik / NRK

Lensmann Nils Bakke fortel at det er fare for at røyken spreier til nabobygga.

– Det er fare for røyk i ventilasjonsanlegga i nabobygga, men vi har prøvd å stengje av det.

Han fortel at det framleis er uavklart om det er ein person inne i bygget. Dei som arbeider i næringsbygget som er i brann kan ikkje jobbe i dag.

Brann i Måløy

SLØKKEARBEID: Huset det har brent i er både eit næringsbygg og eit bustadhus

Foto: 03030-tipsar

Kan ikkje bekrefte person i bygget

– Brannen blussar opp att med jamne mellomrom. Det vil ta litt tid før arbeidet er ferdig.

Det seier Terje Brandsøy ved alarmsentralen i Florø. Han seier at dei har teke seg inn i leilegheita. Men han kan ikkje bekrefte at det er ein person i bygget.

– Vi har ikkje fått nokon bekreftelse på at det er funnen noken person inne i bygget, seier Brandsøy.

Brann i Måløy

I GATE 1: Bygget er ein blanding av næringsbygg og bustad.

Foto: Eva Westvik

Tre røykdykkarlag er på staden, og har sørga for at brannen held seg til den eine leilegheita.

Røykdykkarlaga klarte ein periode ikkje å ta seg inn i bygget grunna flammar og høg temperatur. No har dei derimot gått inn i leilegheita.

– Det er var full overtenning og det har vore eit vanskeleg objekt å sløkke, seier Brandsøy.

Brann i Måløy

KJEMPA MOT FLAMMANE: Røykdykkarlaga klarer ikkje å ta seg inn i bygget grunna flammar og høg temperatur.

Foto: Eva Westvik / NRK

Liten fare for spreiing

Brandsøy fortel at ikkje skal var fare for at nokon andre bygg skulle ta fyr. Men eit nabobygg er evakuert.

– Det er eit bygg på toppen i tre, med mur nedover. Det kan vere litt fare for spreiing sidevegs, men førebels har vi kontroll på den biten.

Innbyggjarane i Måløy blir bedne om å halde vindauga lukka, for å unngå røykskadar.

Brann Måløy