Hopp til innhold

Heidra for innsatsen 22.juli 2011

Fredrik Helland (23) frå Florø vart heidra for innsatsen sin 22. juli i 2011 då han fekk Gardemedaljen i bronse som den einaste av 700 vernepliktige gardistar.

Fredrik Helland

STOR FORSAMLING: Gardistane stod i rett då Fredrik Helland vart kalla fram for å mottak medaljen for innsatsen 22. juli.

Foto: Thomas Iversen / Hans Majestes Kongens Garde

– Fantastisk er berre forbokstavane for korleis eg har det no. Det har vore ein stor dag, seier 23-åringen frå Florø.

På brystkassen heng ein medalje med motiv av slottet og ein gardist. Bakpå er namn, tittel og datoen for utdelinga gravert inn.

Til minne om 22. juli

Medaljen vart utdelt i anledning gardeoppstillinga som vert kalla "April-oppstillinga". Oppstillinga er til minne om alle som kjempa under 2. verdskrig. I år var det ekstra spesielt for også dei som deltok i garden sin aksjonen 22. juli 2011 var også inviterte til å sjå seremonien.

(Saka held fram under biletet)

Fredrik Helland

LEIANDE: I begrunninga for tildelinga av Gardemedaljen heiter det at Helland har vore leiande og gjort meir enn kva som var venta i hans stilling.

Foto: Thomas Iversen / Hans Majestes Kongens Garde

Helland får medaljen etter ei heilskapsvurdering av det han har gjort i fyrstegongstenesta.

– Eg har fått høyre at eg har opptredd leiande og gjort meir enn kva som var venta i mi stilling, seier Helland. Eg blir veldig audmjuk for eg synest ikkje eg gjorde meir enn det eg tenkte var naturleg å gjere.

Unik innsats

Det er også lagt vekt på å innsatsen til Helland 22. juli for å få garden sin operasjon der til å gå smidig og på ein god måte.

LES OGSÅ; «Det gjorde noko med meg som person. Ein forstår kva som er viktig og ikkje viktig»

Helland fortel sjølv at 22. juli måtte gardistane ta nokre viktige val, for det var få befal til stades. Av dei femti som rykka ut var berre to befal. Dermed måtte dei andre i leiande stillingar trå til.

– Det gjekk på bruk av ammunisjon, kor mykje ammunisjon dei skulle ha med, kva slags køyretøy ... Det er ein del små ting som ein gjerne ikkje tenkjer på som viktige der og då. I ettertid ser ein at desse avgjerdene var viktige for at operasjonen vart så vellukka.

– Eg er veldig stolt og det betyr veldig mykje å vite at den innsatsen ein har gjort gjennom eit heilt år faktisk har gjeve resultat. Og at det er blitt lagt merke til det arbeidet ein har gjort.

Stor dag

For familien Helland er det ein minnerik dag. (Saka held fram under biletet)

Fredrik Helland

GARDEMEDALJEN: Gardemedaljen ber motivet av slottet og ein gardist.

Foto: Thomas Iversen / Hans Majestes Kongens Garde

– Eg har fått besøk av mamma og pappa, onklar og tanter som er komne for å sjå på. Så har eg ei søster som også er i garden så det var veldig kjekt.

Familien fekk sjå alle som tenestegjer i Garden på Huseby, nærare 1000 personar, stå oppstilt. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen heldt tale til veteranane som var til stades, men takka også for bidraget Garden gjorde under 22. juli utover å vakte slottet.

Så vart det delt ut to medaljar for lang innsats over fleire år, og ei gardemedalje i bronse for innsatsen til Helland under 22. juli.

– Då står heile garden i rett og så vart eg kalla fram og måtte stå i rett medan gardesjefen festa på medaljen. Så det var stort. Det er eit augneblink ein blir stolt.

Venner for livet

Vidare utover dagen skal dei ete lunch og ete middag med befalet seinare. Seinare på ettermiddagen skal alle som tenestegjorde verneplikta i 2011 samlast meir uformelt.

– Det gler eg meg til. Dette er jo venner ein har fått for livet, seier ein fornøgd Helland.