Hopp til innhold

«Det gjorde noko med meg som person. Ein forstår kva som er viktig og ikkje viktig»

Fredrik Helland, Simon Dybedal og Frederick Gjethammer frå Florø gjorde teneste i Kongens Garde då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet. På ein-to-tre var militærtenesta endra til blodig alvor.

Ekstra vakthold ved slottet kvelden 22. juli 2011

SLOTTET: Garden styrka vaktholdet rundt slottet etter angrepa 22. juli.

Foto: Paul Kleiven / SCANPIX

– Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på det. Når eg tenkjer på Garden so tenkjer eg alltid på 22. juli. Det er vanskeleg å få det ut av hovudet, seier Simon Dybedal.

Visste ikkje omfanget

Han og dei to andre gutane frå Florø, som då var 20 år gamle, fekk saman med resten av Garden ordre om å væpna seg og koma seg til Slottsparken for å passe på slottet og Kongen. Medan dramaet utspant seg for fullt på Utøya, visste unggutane ingenting om det som skjedde.

20 år gamle låg dei med skarpladde våpen og skulle verne konge og fedreland.

– Det er klart at når me forstod at det var ei bombe, at det verken var ei ulukke eller eit uhell, då visste me at Slottet er blant dei største terrormåla i Norge. Det er klart at då gjer du deg nokre tankar om at moglegheita for at nokon skal komma å ta Slottet er ganske stor, seier Fredrik Helland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fredrik Helland (t.v.) og Frederich Gjethammer

STOR UVISSE: Fredrik Helland (t.v.) beskriv den store uvissa i timane etter bomba gjekk av.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det å ikkje vite kva som gjekk føre seg, var ei tøff påkjenning for dei unge gardistane.

– Frå dei fyrste timane til ut på natta var det ei stor uvisse for oss, sidan me ikkje klarte å fanga opp kva som skjedde og omfanget av det via media, seier Helland.

Fekk ikkje ringt heim

I 14 timar vakta Fredrik Helland slottet. Ingen av gardistane fekk gitt beskjed til familie og vener som var urolege for dei under terrorhandlingane i Oslo.

– Me har ikkje mobil tilgjengeleg. Eg veit dei heime prøvde å ringe meg for å finna ut kva som skjedde, men me fekk ikkje moglegheit til å svare dei. Det var litt av det som plaga oss dei fyrste timane, at me ikkje fekk gi beskjed at det går bra når me er på skarpt oppdrag.

I dagane etter angrepet vart garden brukt til fleire oppdrag, blant anna å stå vakt ved Domkyrkja, som var open for folk.

– Det å fyrst vera på slottet når det skjedde, og so vera med i prosessen ved Domkyrkja etterpå, det gjorde noko med meg som person. Ein forstår kva som er viktig og ikkje viktig.

Blir ein hard søndag

–Det var godt å sjå samhaldet mellom alle menneska som var ved Domkyrkja, det var rørande, seier Helland

Frederick Gjethammer

SØNDAG BLIR HARD: Frederick Gjethammer trur det blir ein vanskeleg søndag.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Trass i påkjenninga det var, er gutane glade for at garden fungerer som planlagd den skal når ikkje føresette ting skjer. Men søndag blir ein hard dag.

– Det blir hardt. For meg sjølv so blir det å tenkje på det me gjorde der nede. Og det blir frykteleg hardt for dei som har mista sine nære og kjende, seier Frederick Gjethammer.