Hopp til innhold

Ein av få som må betale - ber om fritak på ny

Som ein av få folkehøgskular i landet, og den einaste av skulane i Sogn og Fjordane, har Sunnfjord Folkehøgskule i ei årrekkje betalt store summar i eigedomsskatt.

Rektor Jorunn Knapstad viser fram Sunnfjord Folkehøgskule i Førde

BER OM FRITAK: Rektor Jorunn Knapstad ved Sunnfjord Folkehøgskule i Førde ber på ny kommunen om fritak frå eigedomsskatten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Med ei årleg rekning på 166.000 kroner, har skulen i Førde måtte leggje på elevavgifta.

Det er noko som smertar rektor Jorunn Knapstad, no frir ho på ny til politikarane i kommunen.

– Vi får ikkje statstilskot til å betale eigedomsskatt, og må leggje difor leggje på elevavgifta.

– Det svir litt, spesielt om ein samanliknar med andre skular og veit at det totalt sett i landet berre er mellom fem og sju skular totalt som har eigedomsskatt, seier ho til NRK.no.

Må betale – andre har fritak

Rektoren viser stolt fram dei mange skulebygga på Solvang i Førde. Men mange bygg kostar også, ikkje berre i drift og vedlikehald. Eigedomsskatten er rekninga rektor Jorunn Knapstad hadde klart seg veldig fint utan.

– Vi har mykje anna vi heller skulle ha brukt pengane på, seier rektoren og legg ikkje skjul på at det er tøft å drive ein folkehøgskule.

Men som ein av få vertskommunar for folkehøgskular, har Førde kommune i ei årrekkje kravd eigedomsskatt frå Sunnfjord Folkehøgskule.

På same tid har folkehøgskulane i Sogndal og Gloppen, som ligg i kommunar som også har eigedomsskatt, fritak.

(Artikkelen held fram under)

Sunnfjord Folkehøgskule i Førde

DYR: Med mange og store skulebygg er det ikkje akkurat billeg å drive Sunnfjord Folkehøgskule, fortel rektoren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har betalt over ein million

Rektor Jorunn Knapstad ved Sunnfjord Folkehøgskule

VIKTIG: Rektor Jorunn Knapstad meiner skulen er med på å trekkje ungdom til kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Olve Grotle

POSITIV: Olve Grotle er villig til å delvis frita folkehøgskulen i Førde for eigedomsskatt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
For 2014 må skulen i Førde ut med rundt 160.000 kroner i eigedomsskatt, og Knapstad er ikkje i tvil om at skulen har betalt store summar dei siste åra.

– Vi har iallfall betalt over ein million kroner til saman, og då tek eg ikkje kraftig i, seier ho.

Skulen har også tidlegare søkt om fritak frå eigedomsskatten, men har fått nei. No prøver skulen igjen å overtyde politikarane om at dei må få sleppe.

– Vi betyr eigentleg mykje for Førde. Vi får motiverte ungdomar hit som vil vere her. Til dømes er det mange som driv med volleyball som vil vere her i både to og tre år, fortel rektoren.

Fryktar elevane må ta meir av rekninga

Om dei ikkje blir høyrde fryktar ho at elevane vil sitje att med endå meir av rekninga.

– Vi må leggje på for kvar enkelt elev. Om vi skal halde fram med eigedomsskatt vil det bli 1600 kroner dyrare for elevane som vel å gå på folkehøgskule i Førde, seier Knapstad som har lite lyst til å gjere det slik.

Vil gje delvis fritak

Men det er håp. Eit samrøystes formannskap i Førde går no inn for at skulen skal få delvis fritak frå eigedomsskatten.

Det vil seie at dei slepp eigedomsskatt for undervisningsbygg og internatbygg, dei som kostar mest.

– Vi ønskjer å gjere det så attraktivt som mogleg for folkehøgskulen. Dette fritaket fell inn under dei unntaksreglane vi har, og det vil vi gå for, seier ordførar Olve Grotle (H).

– Reknar du med at bystyret landar på same vedtak?

– Ja, det trur eg, seier ordføraren.