Hopp til innhold

Snart er det berre tre kommunar utan eigedomsskatt

Frå neste år vil det berre vere tre kommunar i Sogn og Fjordane som ikkje har innført eigedomsskatt.

Eigedomsskatt i Sogn og Fjordane

SNART BERRE TRE UTAN: Frå 1. januar får Solund og Eid (grøn farge) eigedomsskatt på bustadar. Askvoll, Hornindal og Selje (oransje farge) blir dei einaste i Sogn og Fjordane utan denne skatten.

Ottar Nygård

IKKJE TEMA I SELJE: Ordførarar frå Tverrpolitisk liste, Ottar Nygård, seier eigedomsskatt ikkje var ein del av budsjettdiskusjonane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi hadde saka til avstemming i desember i fjor. Då fall den med knappast mogleg fleirtal, seier Selje-ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste).

Selje er ein av tre kommunar utan eigedomsskatt i Sogn og Fjordane. I oppvekstsektoren må nærmare fem millionar sparast dei neste to åra. Også pleie- og omsorg må spare rundt 3,5 millionar kroner. Men eigedomsskatt var ikkje ein del av budsjettdiskusjonane i haust.

– Det var ikkje tema og ikkje nemnt med eit ord, seier han.

Heller ikkje Askvoll og Hornindal har innført eigedomsskatt.

Innfører skatten for å investere

Alfred Bjørlo

MEINER DET VAR NAUDSYNT: Alfred Bjørlo (V) som er ordførar i Eid, ser skatten er naudsynt for å kunne gjere nye investeringar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men Eid kommune valde å innføre eigedomsskatt frå 2014 for å sleppe nedskjeringar.

– Vi innfører eigedomsskatt for bustadar. Det gjer at vi får økonomisk moglegheit til å setje i gang to særs tiltrengte prosjekt – nytt omsorgssenter og fleirbrukshall. Samstundes klarer vi halde oppe rammene til dei viktigaste tenesteområda, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Får det ikkje til utan

I budsjettet for neste år, som vart vedteke nyleg, innfører kommunen eigedomsskatt. Trass i at han i valkampen lovde å ikkje innføre eigedomsskatt, meiner Bjørlo det var naudsynt no.

– Eg vil påstå at den heilskapen vi no får, ikkje hadde vore mogeleg å få til utan eigedomsskatt, seier han.

Også i den Høgrestyrte kommunen Solund valde eit fleirtal på åtte mot sju røyster å innføre eigedomsskatt på hus og hytte. Etter vedtaka i Eid og Solund, vil det i fylgje tal frå SSB vere tre kommunar i fylket som ikkje har eigedomsskatt – Selje, Hornindal og Askvoll.

Forslaget blei røysta ned

Frida Melvær

KAN BLI INNFØRT: Høgre-ordførar Frida Melvær i Askvoll seier eigedomsskatt kan bli innført frå 2015.

I Hornindal hadde rådmannen innstilt på eit prinsippvedtak om skatt på eigedom frå 2015. Men både formannskapet og kommunestyret gjekk i mot når budsjettet for neste år skulle vedtakast.

Askvoll er ein anna kommune utan eigedomsskatt. Høgre-ordførar Frida Melvær seier spørsmålet om eigedomsskatt har vore oppe ved fleire høve, men at fleirtalet har stemt forslaget ned.

Kan bli innført frå 2015

Melvær seier det kan bli eigedomsskatt i kommunen frå 2015. I januar skal kommunestyret ta stilling til eit notat der rådmannen føreslår dette. Kommunen må dekke eit underskot på 3,8 millionar, og gjer store kutt i 2014, mellom anna i skulen.

– Notatet vil vere grunnlag for eit prinsippvedtak om vi skal innføre eigedomsskatt eller om vi skal legge vekk saka.

– Trur du slik skatt kunne gjort at kommunen kunne unngått nokre av kutta de må gjere?

– Det kan godt hende at kutta hadde blitt mindre. Men vi ser at for kommunar som har innført skatten, er det berre ei utsetjing av grep ein likevel må ta, seier ho.

Fryktar ikkje fråflytting

Eid-ordføraren fryktar ikkje fråflytting eller at folk skal velje å flytte til andre kommunar enn Eid.

– Hadde det berre vore Eid som hadde eigedomsskatt, kunne det vore eit poeng. Vi har eigedomsskatt i nesten alle kommunane i Sogn og Fjordane, inkludert vekstkommunane Førde, Flora og Sogndal. Dette har blitt ein del av kvardagen, seier han.