NRK Meny
Normal

- Ein utruleg lettelse å sjå at det går i mål, sa Lødemel etter valdagsmålinga

Valdagsmålinga gir dei borgarlege partia solid fleirtal, og alt tyder på at det blir regjeringsskifte. Det fekk Bjørn Lødemel frå Høgre til å ta fram sitt breiaste glis.

Høgre-jubel på valvake

HØGRE-JUBEL: Dei to nane, Lødemel og Hollevik, i sentrum for jubelen på valvaka.

Foto: Alf Vidar Snæland

For målinga syner at det går mot regjeringsskifte, og den aller gladaste på valvaka var nok førstekandidaten til Høgre, Bjørn Lødemel.

– Dette var herleg, det er ein draum. Det viktigaste er at vi får ei ny regjering med Erna som statsminister. Det var ein utruleg lettelse å sjå at det går i mål.

Høgre ligg an til å få 26,4 prosent, ein framgang på ni prosent frå førrestortingsval.

– God grunn til å smile

Men det var fleire som var letta. For målinga viste ein framgang på 1,7 prosentpoeng frå forrige stortingsval for Senterpartiet til 7,9 prosent på landsbasis.

– Blir dette resultatet har vi i Senterpartiet god grunn til å smile, sa Erlend Haugen Herstad då valdagsmålinga vart kjend på valvaka på Rica Sunnfjord Hotell klokka 21.00.

– Takknemleg

Arbeidarpartiet ligg an til å få 30,7 prosent. Det er minus 4,7 frå 2009, men førstekandidat Ingrid Heggø vel å fokusere på det ho ser som positivt.

– Eg er takknemleg for alle som har røysta på Arbeidarpartiet, men vi hadde jo håpa på raudgrønt fleirtal. Det ser iallfall ut til at eg får fire nye år.

I SV-leiren var det nokså avdempa stemning, seier Hege Lothe.

– Vi er fatta og avventande. Vi trur det blir ein lang kveld. Kvar stemme tel, det er viktig for oss å kome over sperregrensa.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Historisk dag

Frank Willy Djuvik frå Frp er ein av dei som håpar på utjamningsmandat. Slik valdagsmålinga ser ut er det ikkje han som ligg best an, men han trur det kan snu.

– Kampen om utjamningsmandat går det ikkje an å spå noko om enno. Vi har framleis veldig godt håp. Eg er godt nøgd så langt, og eg er veldig glad for at det blir ei borgarleg regjering. Det er ein historisk dag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå