Hopp til innhold

– Det skal så lite til for å vere ein «kjernekar»

Ver ein «kjernekar», oppmodar politiet. Det vil Eidarussen vere.

Ingar Hjelle, Håkon Bøen, Ida Otterstad

OMSORG: Om det er landstreffet på Lillehammer neste helg, natt til 1. mai eller andre festlege lag, veit Eidarussen å vise omsorg for kvarandre, forsikrar Ida Otterstad (f.h.), Håkon Bøen og russepresident Ingar Hjelle.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Set nokon i russedrakt åleine, spør korleis han eller ho har det. Berre noko så lite tel mykje på trivselen gjennom ei tid der alle skal ta vare på kvarandre, seier Håkon Bøen, ein av nær 100 russ ved Eid vidaregåande skule.

– Meir aksept å fortelje

Det skal vere ei kjekk avslutning på 13 års skulegang, men for nokre blir russetida alt anna enn det. I dag presenterte politiet talet som viser ein liten auke i tal politimelde valdtekter i russetida . Nokre få av valdtektene har skjedd på landstreff, men dei fleste skjer på private festar og på russebuss.

Men, poengterer politiet, det er ikkje alltid russ som valdtek eller blir valdteken.

Uansett, slike episodar vil ikkje russen ha noko av. Heller ikkje i Eid.

– Eg håpar og trur at det er mørketal som kjem fram. Det er meir akseptert blant folk å fortelje om du har vore borti slike situasjonar, seier russepresident Ingar Hjelle.

– Ver ein «kjernekar»

Ann Kristin Grosberghaugen
Foto: KRIPOS / KRIPOS

Siste åra har Kripos oppmoda russen til å passe godt på kvarandre, og til å vere ein «kjernekar». For med alkohol og store folkemengder kan situasjonar utarte seg. Og det treng ikkje berre vere russ som er involverte.

Leiar for valdtektsseksjonen i Kripos, Ann Kristin Grosberghaugen, ber russen følgje med og set grenser for seg sjølve for å unngå uønskte hendingar som kan få store følgjer for både gjerningsperson og fornærma.

– Ta vare på kvarandre og ta ekstra godt vare på dei som får i seg for mykje å drikke, for å unngå hendingar som til dømes valdtekter eller vald, seier ho.

– Ei god kjensle

– Ingen ynskjer at vener skal bli utsette for vald og overgrep. Tidlegare har vi hatt vald og valdtekter som har fått store følgjer. Alle har eit ansvar for å syte for at venene ikkje blir utsette for, eller deltek i uønskte handlingar, legg Grosberghaugen til.

På Nordfjordeid meiner Bøen at russen er sitt ansvar bevisste.

– Det er ei god kjensle å kjenne at du er den som hjelper nokon til å få ei betre russetid, seier han.

Russepresident Hjelle er veldig klar på kva ein «kjernekar» bør vere.

– Det er sjølvsagt for alle karar. Det inneber å spørje om det går bra, vere den som tør seie ifrå om ein ser situasjonar som oppstår eller eskalerer, avsluttar han.