Hopp til innhold

«Ein søppeldunge og eit skjorareir»

Neste veke får deler av sentrum av Nordfjordeid status som verneverdig. Men for 26 år sidan vart også tettstaden nord i fylket offer for ramsalt kritikk.

Eidsgata i Nordfjordeid

26 ÅR SIDAN: Slik såg det som i dag er Coop Mega ut i 1988. I bakgrunnen til høgre går Eidsgata på tvers, ei parallellgate til Sjøgata der dette biletet er teke frå. Sjå bilete frå same stad lenger nede. Gyngestolen og syklisten er illustrasjonselement i biletet.

Foto: Oddleiv Apneseth / Bergens Tidende

Mannen som slakta Førde som ein smaklaus, sosialdemokratisk fiksjon og kalla Stryn ein prærielandsby, var 16. juli 1988 ikkje nådig mot Sjøgata i Nordfjordeid heller.

– Ein søppeldunge, og eit arkitektonisk skjorareir, som i alle fall ikkje innbyr til ein stogg på staden, skreiv reporter Jan Nyberg i BT om Sjøgata.

I dag har pipa ei anna låt, i alle fall for deler av sentrum i Eid.

– Ja, altså Eid har brukt ganske store ressursar på å pusse opp og rehabilitere Eidsgata, og det er veldig bra. Eg tykkjer handelsstanden har vore flinke til å støtte opp om det initiativet.

Neste veke kjem riksantikvaren til Nordfjordeid for å innlemme Eidsgata/Tverrgata i den nasjonale lista over verneverdige kulturminne.

Høyr heile radioreportasjen om Nordfjordeid her:

Konflikt og tilfelle

Men vegen fram dit har vore lang og prega av tilfelle. Tidleg på 1980-talet var det nemleg stor konflikt mellom nybygg og vern på Nordfjordeid.

Næringslivet ville då at det skulle gjerast plass til nye forretningsbygg i hovudgata, medan andre ville at mest mogleg av husa skulle takast vare på som dei var.

Resultatet blei, til handelsstandens store frustrasjon, at Eidsgata vart verna.

Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, seier det ofte er tilfeldig korleis ein tettstad utviklar seg. Han trekkjer fram det gamle bankbygget i Eid, som var svært forfalle, som eit eksempel på det. Spørsmålet om riving kom til kommunestyret.

– Med eit fleirtal på ei stemme vart det avgjort at banken ikkje fekk rive bygget. Då sa banken at sidan det vert ståande skal vi pusse det opp skikkeleg. Etter oppussinga overlét dei det til ei stifting. I dag er det eit levande og utruleg viktig samlingspunkt i Eid sentrum. Det syner korleis tettstadutvikling ofte er tilfeldig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjordeid

I DAG: Slik ser det ut frå same stad som Apneseth i BT tok sitt bilete i 1988.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Ein fryd for auge

Neste fredag kjem Riksantikvaren på besøk. Då skal han innlemme Nordfjordeid sentrum på same lista som Lærdalsøyri og Gamle Høyanger sentrum.

– Eidsgata er hjarta i Nordfjordeid som tettstad. Her har det skjedd veldig mykje dei siste 20 åra. Både sjølve gata og husa rundt var ganske nedslitne. Gjennom desse åra har eit spleiselag med kommune, huseigarar og fylket fått gata i stand.

No er det ein stolt ordførar som ynskjer Riksantikvaren velkomen.

– No har vi ei sentrumsgate som er ein fryd for auge, og som har teke vare på veldig mykje av dei 100 til 150 år gamle bygga. Gata er no så spesiell at ho vert teken inn på Riksantikvaren si liste over nasjonalt verneverdige byar og tettstadar no i sumar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo i Eidsgata

VERNEVERDIG: Alfred Bjørlo i Eidsgata, som no får status som verneverdig av Riksantikvaren.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Forfattaren åtvarar politikarane

Tilbake til Bergens Tidende sin reportasje i 88. Jan Nyberg kalla Sjøgata eit skjorareir. Der hadde dei fylt ut med stein og skrot ut mot fjorden.

– Gata er ikkje eit skjorareir lenger. Det er eit moderne forretningsområde. Så kan ein gjerne meine kva ein vil om det er stygt eller fint, men eg tykkjer i alle fall ikkje det er eit skjorareir lenger, seier ordføraren.

Jan Nyberg

ÅTVARAR: Han kallar ikkje Sjøgata eit skjorareir lenger, men Jan Nyberg, som kritiserte fleire tettstadar i fylket for 26 år sidan, meiner gata treng eit meir samansett miljø.

Foto: Helge Johnsen

Men lenger borte ligg det ei ny, svær steinfylling. Så den vil Nyberg sikkert meine ser ut som eit skjorareir i dag. Men akkurat i ein byggefase ser nødvendigvis ei byggetomt ut som ei byggetomt, ler Bjørlo.

Og mannen med den sviande pennen, åtvarar politikarane i Eid mot nye farar.

– Eg skulle ønske at kommunen gjer meir for å få til eit samansett miljø, både av bustadar og forretningsbygg på utsida av Sjøgata. Elles kjem det også til å verte eit daudt område etter stengetid på kvelden, seier Jan Nyberg.

Alfred Bjørlo i Eid

SKJORAREIR: No vil han vel kalle dette området eit skjorareir, ler Alfred Bjørlo. Men ein byggeplass må vel vere ein byggeplass om arbeidsområdet bortanfor Sjøgata.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK