Hopp til innhold

Har ein av landets beste skular – kommuneleiinga takka lærarane med kake

Lærarane i Eid fekk måndag kake med kommuneleiinga som takk for topplassering på ei landsdekkande skulerangering. Oversikta syner også at seks av dei ti beste skulane i landet finn ein i Sogn og Fjordane.

Kommuneleiinga overraska lærarne med kake.

GOD SKULE: Kommuneleiinga i Eid overraska lærarane med kake. Ordførar Alfred Bjørlo, rektor ved Haugen skule Borghild Kjørstad og kommunalsjef Harald Sivertsen.

Foto: Harald Kolseth/NRK

– For det første er det veldig kjekt at vi gjer det så bra. Og så er det veldig flott at kommuneleiinga ser det, og møter opp for å rose oss, seier rektor ved Haugen skule, Borghild Kjørstad.

Ho vart overraska då ordførar i Eid, Alfred Bjørlo saman med skulesjefen, Harald Sivertsen, troppa opp på skulen med kake for å takke dei for innsatsen over lang tid. For Kommunal Rapport sine ferske tal var gledeleg lesing for kommunen. Av alle landets kommunar har Eid den fjerde beste grunnskulen.

– Lærarane i kommunen har god kompetanse, og er faglærte og gode lærarar. Vi har satsa på etter- og vidareutdanning for lærarane, og det gjev resultat, seier ein godt nøgd ordførar, Alfred Bjørlo.

Måndag fekk alle lærarar og rektorar ved skulen kake som påskjønning etter dei gode resultata.

– Har prioritert skulane i budsjettkampar

Venstreordførar Alfred Bjørlo er snar med å rose dei tilsette i skulane, men peikar også på eit anna moment.

– Politikarane har dei siste tre åra har prøvd å skjerme skulane i dei tøffe budsjettrundane som har vore.

Skulesjefen meiner det også spelar inn at kommuneleiinga har satsa hardt på å gjere elevane til gode lesarar.

– Lærarane har fått god kunnskap om korleis elevane lærer å lese, og dermed gjer dei det godt på leseprøvar, fortel Sivertsen.

Nasjonale prøvar, eksamensresultat og trviselsundersøkingar er noko av bakgrunnsmaterialet som dei nasjonale oversiktene byggjer på.

Elevane rosar lærarane for kjekke timar

Også elevane på Haugen skule er godt nøgde med innsatsen som lærarane legg ned.

– Vi jobbar mykje og har flinke lærarar, det er det viktigaste, svarar ni år gamle Kristian Balsnes Andreassen på spørsmål om kva som gjer at skulen gjer det så bra.

4.-klassingen får støtte frå Ingrid Espe, som går i 7. klasse.

– Vi får god opplæring, og så sit vi ikkje i ro heile tida, men vi får lov å røre litt på oss. Ofte får vi gjere noko kjekt i siste del av timane, fortel Espe.

Seks kommunar inne blant dei ti beste

Og det er truleg ikkje berre i Eid kommune det vankar rosande ord frå elevar og skuleleiing. Oversikta som er utarbeidd syner nemleg at Sogn og Fjordane har seks kommunar inne på topp ti lista. Bak Eid finn ein Leikanger, Luster, Fjaler og Balestrand. Og Førde har til og med kapra andreplassen.

Førdeskule neste best i landet.

NØGD: Førdeskulen nest best i landet, det er kommunalsjef Helge Sæterdal godt nøgd med.

Foto: Silje Bjerknes/NRK

– Eg er veldig stolt på vegner av alle skulane og lærarane, seier kommunalsjef for barnehage og skule i Førde, Helge Sæterdal.

Førde har lege i landstoppen dei siste åra, og det er på grunn av hardt og langsiktig arbeid seier skulesjefen. Han er likevel klar på at slike kåringar ikkje betyr alt.

– Det gjev eit bilete av situasjonen, men ein skal ikkje overdrive betydinga. Men, det er heilt klart ei anerkjenning av arbeidet som blir gjort. Vi kan likevel ikkje slå oss til ro med dette, no må vi jobbe ekstra hardt for å halde plasseringa til neste gong, seier Sæterdal.