Tidlegare i veka melde NRK at om lag 20 prosent av elevane i ei klasse vil ha behov for spesiell tilrettelegging av undervisninga.
Student Linn Tove Berdal i Sogndal meiner det er behov for å styrke studentane sin kompetanse.
– Lærarutdanninga rustar oss til å møte ei normal klasse, altså ein A4-elev som ikkje har nokon særlege behov eller diagnosar. Dette er nok noko lærarutdanninga må ta konsekvensen av, seier Liv Tove Berdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Veit litt, men ikkje nok
Ho er i innspurten på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Om nokre månadar skal ho stå bak kateteret og møte si første skuleklasse som lærar. Då er ho glad for å ha fordjuping i spesialpedagogikk med i sekken.
– Berre det å skrive ein individuell opplæringsplan. Korleis skal eg gjere det når eg ikkje har lært det på den ordinære lærarutdanninga? Vi får litt innføring i det på spesialpedagogisk utdanning, men utan den hadde vi stått på berr bakke, seier Berdal.
Også studievenninna Stine Steig er glad for at ho har teke fordjuping.
– Dei som ikkje tek spesialpedagogikk, dei hadde ikkje hatt peiling på kva det handlar om. Eg føler eg er meir budd på det enn dei, men eg føler ikkje eg er heilt sikker på kva tiltak eg skal setje inn når eg møter elevar med dei vanskane, seier Steig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kan vere behov for endringar
Dei to studentane undersøkte saman med fire andre på spesialpedagogikkstudiet kva vanskar elevar i ungdomsskulen har.
NRK fortalde tidlegare at dei mellom anna fann 184 ulike diagnosar blant 800 ungdomsskuleelevar, som til dømes dysleksi, språkvanskar, migrasjonsrelaterte språkvanskar, psykisk utviklingshemming, ADHD, dyskalkuli, angst og diabetes.
Lærarstudentar skal gjennom utdanninga bli kjende med dei mest vanlege vanskane elevane har.
Førstelektor Kirsten Flaten, ved høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner det likevel kan vere behov for å gjere endringar slik at studentane er betre rusta når dei kjem ut i skulekvardagen.
– Det er godt mogleg at spesialpedagogikk burde vore obligatorisk. Eg ser at når kvar einaste klasse i snitt har 4,3 elevar med diagnosar, så må dei som møter dette ha ein kvardag slik at dei veit kva dei skal gjere med det, så studentane treng å få litt kunnskap om det, seier Flaten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– For få har spesialpedagogikk
Professor i pedagogikk i Volda, Peder Haug, meiner det kan vere andre tiltak enn meir spesialundervisning som er løysinga.
– Dess betre den ordinære opplæringa er, dess mindre er trongen for spesielle tiltak. Det gjeld også denne store gruppa elevar som desse lærarane har funne, og som utfordrar dei, seier Haug.
Han meiner likevel at det må bli fleire lærarar som har kunnskap om elevar sine spesielle behov.
– Det som er akilleshælen på dette området er at det er for få lærarar med spesialpedagogisk kompetanse som har ansvaret for dei elevane som skal ha spesialundervisning, seier Haug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Handlar om å vite kva du skal gjere
Leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, Trond Giske, meiner den siste reforma i lærarutdanninga, med spesialisering på undervisingstrinna, er eit steg i rett retning, men at det kanskje bør gjerast endå meir.
– Det er godt mogleg at vi må gå endå lengre og ha endå meir spesialisering og fordjuping i det å hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar, og liknande, for å kunne hjelpe endå fleire elevar i ein normalsituasjon, seier Giske.
Førstelektor Flaten er klar på at konkrete tiltak er noko av det viktigaste.
– Kvar einaste lærar kjem til å få utfordringar på dette feltet. Det handlar ikkje om å vere snill, det handlar om tiltak og å vite kva du skal gjere. Ingenting er meir handlingslammande enn å mangle kunnskap om noko, og ikkje vite kva du skal gjere med det, seier Flaten.
Linn Tove Berdal har også eit forslag til kva som kan hjelpe lærarstudentar som kjem etter ho.
– Legg til rette og tilpass det slik at det vert meir praksisnært, seier Berdal.
- LES OGSÅ: