Hopp til innhold

Ei kvinne sikta etter brann i Førde

Ei kvinne er sikta etter ein brann i Førde. Politiet meiner kvinna har tent på leilegheita.

Brann, ytre hafstad i Førde. Kvinne sikta.

MYKJE RØYK: Det var dramatisk då brannvesenet kom fram til staden, men brannen blei raskt sløkt.

Foto: Politiet

Politiet måtte rykke ut til ein brann i 6-tida i går tidleg. Brannsjef i Førde Bernhard Øberg melde om dramatikk då dei kom fram til staden. Røyk kom ut inngangsdøra, men dei fekk sløkt brannen relativt kjapt.

Politiet meiner ei kvinne i 40-åra har tent på leilegheita. Ho er sikta for grovt skadeverk. Leilegheita er ei av ti stykke i eit kompleks. Den sikta bur ikkje der det brann.

– Den sikta er pågripen, og er avhøyrt i dag. Me held fram med avhøyr av henne i dag, seier politiadvokat Malin Skeibrok Ånensen.

Kriminaltekniske undersøkingar er gjort, ifølge politiet, og bebuarar i naboleilegheitene er avhøyrde. Undersøkingane styrkar teorien om at brannen var påsett, meiner politiet. Politiet vil ikkje kommentere kva som har kome fram i avhøyra.

– Det kan eg ikkje uttale meg om på dette tidspunktet, seier Ånensen.

Eigar av leilegheita var ikkje heime då brannen vart oppdaga, melder politiet. Han er også avhøyrd.

Politiet ber om tips i saka.

Skremmande

Ørjan Igelkjøn er styreleiar i sameiget som leilegheita er ein del av. Han er skremd etter hendinga.

– Alle var heime. Det er generelt sett eit stille og roleg nabolag. Det var eit sjokk med full utrykking med brannvesen, politi og ambulanse om morgonen, seier han.

Han seier at praten har gått i nabolaget, og dei har undra over kva som har skjedd. Han er letta over at det har kome ei sikting såpass raskt i saka.