Hopp til innhold

Dyrare norske klede

Forbrukarar må bu seg på dyrare klede framover. Det spår Hovudorganisasjonen Virke. Årsaka er den svake norske krona.

Dyrare norske klede

BLIR DYRARE: Svak kroner gir dyrare klede.

Foto: Montasje: Privat/NTB Scanpix/NRK

For medan reiselivet og eksportretta næringar jublar over valutakursane, tapar norske klesverksemder millionar.

– I 2014 så utgjorde eit valutatap i forhold til normalpris om lag to millionar kroner. I 2015 er vi nok ein stad mellom tre og fire millionar, seier dagleg leiar Rune Taklo i Frislid.

Det byrja for om lag eitt år sidan. Dollar og Euro vart dyrare og dyrare. No skal dagleg leiar Rune Taklo gjere innkjøp i Euro, med ei svak norsk krone i banken. Det synest att på botnlinja.

Svak krone

Dagleg leiar Rune Taklo på Frislid Konfeksjon

TØFFARE TIDER: Rune Taklo er dagleg leiar for Frislid Konfeksjon.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I sommar jubla reiselivsnæringa. Turistane fekk auga opp for kor billeg den norske krona var, i oppdrettsnæringa går det så det grin. Men i all jubelen over den svake krona står ei rekkje med norske verksemder, som importerer varer vi kjøper kvar dag og ser baksida.

– Viss vi tenker på dei næringane i Norge som er avhengige av kronekursen, så blør dei no på grunn av den svake krona. Denne næringa sysselset veldig mange personar, og betyr mange arbeidsplassar. Det er klart at dersom desse arbeidsplassane ikkje tener pengar så blir det nedskjeringar, seier Taklo.

Høgare prisar

Men det er ikkje berre verksemdene som vil merke kronekursen. Konsekvensane for oss forbrukarar blir høgare prisar, seier direktør for mote og fritid, Bror Stende, i Hovudorganisasjonen Virke.

Avdelingsdirektør Bror Stende i Virke

SVAK KRONE: Bror Stende er direktør for mote og fritid i Hovudorganisasjonen VIRKE.

Foto: Virke

– Veldig mange av våre medlemmer merkar den svake krona svært godt. Det meste av det vi forbrukar i Norge av klede og skog og andre ting blir jo importert. Ei svak krone gjer at alle varer blir dyrare.

Stende ser ikkje vekk ifrå ein 10 prosent auke på kle og sko. Men butikkar og kleskjeder vil ikkje kunne hente inn heile valuta-tapet på auka prisar.

–Nokre taper stort her, og nokre kjem til å få dårlege resultat, seier Stende.

Auka inntekter – dårlegare resultat

Frå Ricco Vero sitt hovudkontor i Olden har dagleg leiar Finn Einar Kvamme sett innkjøpsprisane stige. Den tradisjonsrike kles-verksemda auka inntektene i fjor, men resultatet vart dårlegare.

Finn Einar Kvamme

FLINKARE MED INNKJØP: Finn Einar Kvamme er dagleg leiar i Ricco Vero.

Foto: Bård Siem / NRK

– Hovudsakleg skuldast det svakare kronekurs som gjer at innkjøpa våre, som hovudsakleg skjer i dollar og euro, dyrare for oss. Vi måtte betale meir for varene våre, difor gjekk resultatet vår ned, seier Kvamme.

Andre klesmerke frå Sogn og Fjordane, som Skogstad og Moods of Norway, reduserte både inntektene og resultatet i fjor. Kvamme i Ricco Vero trur årets resultat blir på linje med i fjor. Bak det ligg det mykje arbeid.

– Vi er blitt flinkare med innkjøp og kostnadane våre for å halde eit nokon lunde resultat på ein fem–seks prosent. Men på grunn av den svake krona klarar vi ikkje så gode resultat som vi hadde i 2012 og 2013, seier Kvamme.