Hopp til innhold

Er det berre sakene med showfaktor som når fram i media?

Druknar viktige valkampsaker i alle dei kreative påfunna og stunta som politikarane har føre seg? Trude Brosvik (KrF) meiner det er vanskeleg å kome på i media med saker som kanskje er tunge og vanskelege, og manglar nettopp showfaktor.

Trude Brosvik og Knut Arild Hareide

SHOWFAKTOR: Trude Brosvik og Knut Arild Hareide fekk mykje mediemerksemd då dei rulla ut eit kjempestort gult nøste i Balestrand og med det sette ny verdsrekord i fingerstrikking.

Foto: Elias Engevik

Jens Stoltenberg (Ap) som drosjesjåfør, Vibeke Johnsen (SV) som badar seg gjennom Sogn og Fjordane, og Trude Brosvik som saman med Knut Arild Hareide (begge KrF) rulla ut eit kjempestort gult nøste. Alt er eksempel på politiske påfunn som har fått spalteplass i media.

Ein kjem ikkje utanom, meiner førstekandidat Trude Brosvik for KrF i Sogn og Fjordane. Ho er likevel oppteken av at media må ta tak i også dei andre sakene, og ikkje berre dei med showfaktor.

– Eg trur kanskje både vi som politikarar og media må gå nokre rundar med oss sjølve på dette, seier ho til NRK.no.

– Det underbyggjer bodskapen vår

At politikarane knivar om merksemda i media no før stortingsvalet er det ingen tvil om. Sosiale medium spelar ei stadig viktigare rolle, og for å nå ut til flest mogleg potensielle veljarar har mange parti gjort seg nytte av litt sprelske påfunn.

Videoen av den norske statsministeren som drosjesjåfør har gått verda rundt, og her i fylket har sikkert mange fått med seg det gule kjempenøstet til KrF og badenymfa i SV som badar seg gjennom fylkets 26 kommunar.

Nokre veljarar meiner stunta er eit friskt pust, medan andre kallar det heile dumt.

Trude Brosvik forsvarar stuntet der ho saman med stortingsrepresentant Knut Arild Hareide rulla ut kjempenøstet og sette verdsrekord i fingerstrikking i Balestrand tidlegare denne veka.

– Det underbyggjer den politiske bodskapen vår, som er gul midstripe i Sogn og Fjordane, så sånn sett synest eg ikkje det er så ugreitt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kristeleg Folkeparti satsa på eit verdsrekordforsøk innan eigne kjerneverdiar då partiet starta valkampen sin i Sogn og Fjordane. Eit kjempenøste med gul tråd skal vise at partiet satsar på vegar med gul midtstripe.

SJÅ VIDEO: Førstekandidat Trude Brosvik og KrF-leiar Knut Arild Hareide rullar ut gult kjempenøste og sette verdsrekord.

– Ikkje så lett med tunge og vanskelege saker

Samtidig føler ho at det er vanskeleg å kome på saker som ikkje er like spenstige, men minst like viktige. Abort, surrogati og tidleg ultralyd er blant sakene ho nemner. Brosvik seier ho ofte føler ho må ta litt ekstra hardt i for å nå fram.

– Kanskje strekkjer ein seg litt lenger enn ein eigentleg ønskjer, og kanskje bruker ein hardare ordelag enn ein er komfortabel med. Men det er litt fordi det er vanskeleg å kome på i media med sakene om ein er snill og grei, eller om ein skal snakke om saker som ikkje er kan snakkast om i sekvensar på to sekund, seier ho.

– Føler du at du må gjere dumme ting for å nå fram med noko som helst?

– Eg prøver å halde meg unna å gjere dumme ting, men av og til så gjer ein del likevel. Men eg sit ofte og veg på kor hardt eg må spisse ting, eller kor vidt eg må gå til angrep på nokon for at det skal bli interessant nok, seier Brosvik til NRK.no.

Ei av tre saker fekk merksemd

Under partiet si valkampopning i Balestrand var det også to andre saker, enn det gule nøstet og gul midstripe, som vart trekte fram. Dei har det blitt lite merksemd rundt.

– Eg konsentrerte meg om ei sak, om å auke eingongsstønaden for gravide kvinner som er studentar eller utan jobb, frå 35.000 kroner til 170.000 kroner.

– I tillegg hadde ungdomskandidaten vår noko som gjekk på at dei fleste dødsfall på hans alder skjer innan psykiatrien, og ikkje i trafikken. Men ingen av dei to sakene vart snappa opp av media.

Sjølv forstår ho at det kanskje drukna i showfaktoren dei laga rundt den tredje saka.

– Det er vår feil at vi køyrde tre saker, der den eine hadde ein veldig stor showfaktor og eigna seg veldig godt for bilete, seier Brosvik.

Trur ikkje politikarane kjem utanom

Likevel ventar ho at media kan følgje opp slike saker, men er redd det ikkje blir gjort.

– Dette er kjempeviktige saker ved ei stortingsval, seier ho.

– Gjer de stunta med tanke på veljarane, og håpar dei legg merke til dokke, eller er det berre media de vil nå?

– Det heng saman. Om vi kjem i media, så når vi veljarane. Kjem vi ikkje i media, så når vi kanskje berre dei som støttar oss frå før av, seier Brosvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Inge Fardal

MÅ HA EIT POENG:_ Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis meiner dei ikkje let seg lett lokke av politikarstunta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fekk fram bodskapen

Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis og mangeårig avismann. Han hadde sansen for KrF sitt nøstestunt i Balestrand.

– Ein kan meine mykje om stunta, nokon er spenstige og artige, andre er ikkje så gode, seier han til NRK.no.

– Dei må ha eit poeng, og KrF sitt stunt hadde eit visuelt og godt poeng og fekk fram bodskapen deira på ein god måte, seier han.

– Må prioritere

Sogn Avis laga ikkje noko på dei to andre sakene som KrF snakka om på valkampopninga i Balestrand. Berre nøstestuntet fekk spalteplass. NRK.no gjorde det samme.

– Når du dekker ei valkampopning så vil ein journalistisk gjere eit val, prioritere ei sak, ei vinkling.

– Akkurat i dette tilfellet, så var det stuntet som var vinklinga. Då kan det godt hende at saker som er minst like viktige for KrF ikkje blir nemnde, men slik er no ein gong journalistikken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Valkampen er full av kreative påfunn frå politikarane som skal sanke stemmer. 
KrF finger-strikkar, Stoltenberg køyrer drosje og Vibeke Johnsen badar i alle fjordane i Sogn og Fjordane i protest mot fjordeponi.

VELJARFLØRT: SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane har sett seg som mål å bade i alle kommunane i fylket i løpet av valkampen.

Trur ikkje media let seg lokke for lett

– Er det lettare for politikarane å kome på med showfaktor-ting enn det er å kome på med tyngre saker som til dømes surrogati og abort?

– Eg trur ikkje det når det gjeld oss som driv i gamaldags format på papir. Det er ikkje like lett å få oss med på slike stunt som det er på til dømes fjernsyn. Jens Stoltenberg som drosjesjåfør gjer seg betre på fjernsyn enn i ei papiravis, seier han.

– Er media for lette å lokke med på slike stunt?

– Eg kan snakke for vår del, og vi har vore selektive i forhold til kva valkampopningar vi har vore på. Vi har drive journalistikk på valkampen på eigne prinsipp, og ikkje på invitasjonar frå politiske parti.

– Folk er byrja bli leie

Avis-redaktøren har også merka seg ein annan ting, at mange allereie er byrja bli leie av valkampen.

– Eg trur nok ein bør byrje tenkje seg litt om i høve volumet på valstoff. Det er framleis ei stund til valet, og eg merkar meg i kommentarfelta på sosiale medium som Facebook og Twitter at folk allereie er byrja bli leie. Dei har allereie byrja få nok, og valkampen har nyleg starta for fullt, seier han.