Meklarhuset slo seg sjølv konkurs i november 2007. Kommunane Vik og Bremanger har åleine tapt til saman over 300 millionar kroner på investeringar gjennom Terra Securities.
Sjølv om søksmålet mot toppfolka i meklarhuset blir skrinlagt, har ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, framleis tru på å få tilbake pengane.
- Det håpet har vi sjølvsagt framleis. Bustyret og kommunane prøver på mange måtar å få tilbake mest mogeleg av det som er tapt.
- Det er brukt nær 50 millionar kroner til bubehandlinga. Kva tykkjer du om det?
- Det viser at det er ei komplisert sak som har mange forgreiningar og at det er mykje som må undersøkjast. Dette kostar pengar.
Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, ønskjer ikkje å kommentere saka.