Dronning Sonja opna turisthytta på Tungestølen

LUSTER (NRK): Nesten åtte år etter at turisthytta på Tungestølen blei knust til pinneved, var det endeleg klart for opning av den nye hytta i Luster.

Dronning Sonja opna turisthytta på Tungestølen

OPNA I DAG: Dronning Sonja var invitert for å opne turisthytta på Tungestølen. Allereie i kveld kan dei første gjestene overnatte i den betjente hytta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dronning Sonja fekk æra av å klippe snora under den høgtidelege opninga på Tungestølen.

– Eg tykkjer hytta er fascinerande, spenstig og morosam, fortel ho.

Dronninga som også tidlegare har vore på Tungestølen, har mange gode minne.

– Eg hugsar omgjevnaden, fjella, stemninga og det å gå på breane som buldra. Det er ei spesiell oppleving å komme nær naturen.

Rasert av uver

Tungestølen knust

KNUST: Slik såg det ut etter at uveret hadde herja.

Foto: Gabrielle Neset

Fram til 2. juledag 2011 stod det ei turisthytte på Tungestølen. Men under uveret «Dagmar» blei den 101 år gamle hytte i fjella over Veitastrond knust til pinneved. Anne Kari Herlofsen Nes var den første som kom til staden, og det var eit trist syn som møtte ho.

– Eg klarte ikkje heilt å ta det innover meg. Det var heilt ufatteleg, og det tok eit tid før eg fekk summa meg.

No gler ho seg over den nye hytta som har kome opp.

– Eg hadde ikkje trudd at det skulle komme opp ei ny hytte her, så det er heilt fantastisk at desse fire bygningane no står her, seier ho.

Ein av dei som står bak byggjeprosjektet, er Ole Schanke Eikum i Luster Turlag. Han har vore prosjektleiar og kunne saman med dronninga og dei mange frammøtte, gle seg over at ei hytte no er på plass att.

– Det har vore ei fantastisk opning av den nye Tungestølen turisthytte. Det at dronninga er her, er ei stor ære. Og det var kjempekjekt å sjå at så mange møtte fram. Det laga ei flott ramme rundt opninga.

Dronninga opna Tungestølen i Luster
Foto: Sondre Dalaker / NRK
LUSTER (NRK): Nesten åtte år etter at turisthytta på Tungestølen blei knust til pinneved, var det endeleg klart for opning av den nye hytta i Luster. Dronninga var invitert, og med seg hadde ho heilt spesielle minne.

Mange var kritiske

Turisthytta på Tungestølen

LUFTIG: Slik står hytta i dag, i stølsområdet under Jostedalsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men vegen fram mot opninga har ikkje gått heilt smertefritt for seg. Då dei første skissene frå arkitektfirmaet Snøhetta kom for fire år sidan, var det mange som ikkje likte det dei såg. «Bungalowar frå Thailand, vindskeive revegardar, Volvo BV 202. I første augekast framstår det samla, som; ein trailer har havarert der, konteinarar er slengt utover» var mellom kommentarane som kom på Facebook.

Eikum tykkjer bygningane har blitt flotte.

– Vi var veldig spente, men no når vi ser ho i ferdig tilstand, så har hytta blitt veldig flott. Og som dronninga sa i talen sin; trass spenstig arkitektur er det ein nøktern standard, stillheit og ro.

DNT-hytta på Tungestølen er enno ikkje heilt ferdig.

– Hytta består av totalt ni bygningar slik at ho kan byggast i fleire trinn. Det er fleire som har sagt dei vil vere med framover slik at det kjem opp fem bygningar til her, seier han.

SJÅ VIDEO: Prosjektleiar Ole Schanke Eikum kunne i dag ta imot dronning Sonja som opna den nye turisthytta på Tungestølen. Reporter Sondre Dalaker/fotograf: Arne Stubhaug.

I LUSTER: Turisthytta ligg på Tungestølen i Luster.