NRK Meny
Normal

Rasar mot DNT etter at Snøhetta vann konkurransen om nye Tungestølen

Røynde turfolk rasar etter at Den Norske Turistforening (DNT) har gjeve Snøhetta oppdraget med å teikne ny turisthytte på Tungestølen.

Nye tungestølen

SAMANLIKNA MED DUMPERS: På Facebook har enkelte samanlikna Snøhetta sin visjon om Tungestølen med ein anleggsdumpers.

Foto: Snøhetta

– Dette synest eg er verkeleg eit skrik inn i ein flott fjellheim, der byggeskikken kunne vore henta ut frå dei stølane og sela som er der, og for så vidt den bustadbygginga som alt er i området. Dette er særs lite pent, seier Louis Anda til NRK.

Advokaten med base i Sogndal, har i mange år også vore aktiv i DNT, mellom anna som leiar for Sogndal turlag. Han er ein av mange som har sagt klart frå om kva han meiner om Snøhetta sitt forslag til ny turisthytte på Tungestølen på Veitastrond i Luster.

Louis Anda

KRITISK: Louis Anda

Foto: NRK

– Det er mitt inderlege håp at lokale byggjestyresmakter ikkje gjev løyve til at desse bygga blir ført opp og gjer Tungestølen til ein lite pen stad, seier Anda.

Den gamle turisthytta på Tungestølen blei rasert av stormen Dagmar i 2011. Fredag kom DNT med vinnarforslaget til ny hytte.

Sterke reaksjonar på sosiale medium

NRK Sogn og Fjordane si Facebook-side har heller ikkje reaksjonane late vente på seg:

Ein skriv mellom anna:

«Bungalowar frå Thailand, vindskeive revegardar, Volvo BV 202. I første augekast framstår det samla, som; ein trailer har havarert der, konteinarar er slengt utover. Nei i eit storslått naturlandskap må arkitektur vere meir audmjuk, natur -og terrengtilpassa, det slår heilt feil her. Kan ikkje sjå at dette kan skape god "presedens" i kva som er lov å bygge ut i fjell/stølsheimen. Ein kan få til gode enkle endringar ut frå; som det var, med den; "kunst å få sjølv det enkle å bli spennande".»

Ein annan skriv følgjande:

«Hadde nokon andre bygt eit liknande bygg i fjellet hadde DNT vore imot garantert.»

Andre igjen tek til orde for at prosjektet frå Snøhetta og DNT er flott og moderne. Mellom andre direktøren for Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, Atle Hamar. – Dette blir bra! er hans kommentar.

DNT er ikkje overraska

Prosjektleiar for den nye turisthytta på Tungestølen er Mari Aamelfot Hjelle i DNT. Ho var også juryleiar, og er slett ikkje overraska over dei mange reaksjonane.

– Eg forventar reaksjonar, det naturleg at folk har synspunkt på dette. Dette er ikkje overraskande for juryen eller turlaget, seier Hjelle til NRK.

Tungestølen Snøhetta

FLEIRE BYGG: Slik ser Snøhetta føre seg området på Tungestølen.

Foto: Snøhetta

Ho slår fast at ho også har fått svært mange positive tilbakemeldingar, og at ho står fast på at forslaget frå arkitektane i Snøhetta er det som juryen og Luster turlag ønskjer å gå vidare med.

– Det var eit ønskjer frå alle hald om at vi ville ha noko spesiell. No skal vi tilpasse det slik at det passar. Dette tek eg ganske roleg, og no får det gå sin gang seier Hjelle.

Tungestølen Snøhetta

STEMNING: Snøhetta vann konkurransen om å få teikne den nye turisthytta på Tungestølen i Luster.

Foto: Snøhetta

– Har ingenting der å gjere

Men turlagsentusiast Louis Anda har ingen planar om å la DNT få kvile på vedtaket om å gje Snøhetta oppdraget med den nye turisthytta.

– Når dette skal vere på ein liten kolle på gamle Tungestølen der ein alt har stølar av ein heilt annan karakter, så har dette ingenting der å gjere. Då tenkjer at det er viktig å tenkje tradisjonelt og ikkje alt for nytt. Ein bør bere byggjeskikken i området vidare på dei tradisjonane ein har.

Faksimile dumpers facebook

Faksimile frå Facebook. Ein samanliknar den nye hytta med ein anleggsdumpers

Foto: Facebook / Faksimile