Hopp til innhold

Driv prøveboring med aksjonistar på boreriggen

To aksjonistar lenka seg i ettermiddag fast til ein borerigg i Engebøfjellet. Gruveselskapet skal likevel ha starta borearbeidet med maskina.

Aksjonistar lenka seg til borerigg - gruveselskapet starta likevel maskina

LENKA: Olav Aga (t.h.) er ein av i alt fire aksjonistar som no sit lenka fast på boreriggar på Engebøfjellet. Ein av dei to riggane er starta opp, seier han. Til venstre sit medaksjonist Rose Øvretveit.

Foto: Olav Aga

– No nyleg kom Nordic Rutile opp og bad dei om å starte maskinene sjølv om vi sit opp på. Han meinte det var trygt, sjølv om sivile sit oppe på maskinene. Det må i alle fall vere brot på arbeidsmiljølov, meiner Olav Aga, ein av aksjonistane som sit lenka fast på boreriggen som er drift.

Dei siste vekene har aksjonistar lenka seg fast ved Engebøfjellet i Naustdal i protest mot gruveprosjektet som er under arbeid der. For å stogge prøveboringa etter mineralet rutil, har aksjonistane brukt sivil ulydnad til å hindre arbeidet. Politiet har fjerna dei og bøtelagt dei, og tidlegare vart det kalrt at Nordic Mining vurderer å ta ut søksmål mot aksjonistar.

Like etter klokka 13 vart også dei fire aksjonistane som lenka seg fast i dag fjerna av politiet.

– Eg meiner det er riktig å bruke fredeleg ikkjevald for å stogge dette prosjektet, seier Aga, som er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

– Kva med din tryggleik?

– Eg kjenner meg ikkje i fare, men er tvilsam at dei startar det opp likevel. Eg kan ikkje skjønne at det er forsvarleg ut frå HMS og andre reglar ein er nøydde å følgje etter norsk lov. Eg meiner Nordic Mining bryt lova like mykje som meg, seier Aga.

Gruveselskapet har gitt grønt lys

Nordic mining er på side trygge på at dei ikkje bryt nokon lover når dei startar maskina med aksjonistane på.

– Slik dei sat på riggen no, så var dei ikkje til hindre for at ein kunne bore. Då gav vi grønt lys for at dei kunne bore, seier Mona Schanche, utforskingsleiar for selskapet i Naustdal.

– Er det trygt?

– Ja, slik dei sit no, så vurderer borarane det som trygt. Det er dei som kan maskinene og veit korleis det fungerer. Når dei seier det er trygt, så stolar vi på det.

Ho seier at borarane dagleg har teke vurderingar på om det let seg gjere å starte maskinene eller ikkje med aksjonistane i nærleiken. Selskapet seier dette er skjønnsmessige vurderingar, og at arbeidet blir utført i tråd med HMS-reglane. Likevel skjønar ho at det blir stilt spørsmål ved at ein vel å starte maskinene.

– Eg kan skjønne at det blir stilt spørsmål ved det. Men borarane kjenner riggane best, og viss dei vurderer det som trygt, så tek vi deira ord på det.