Hopp til innhold

Dreg fulle hus i Oslo

Eit halvt år før Opera Nordfjord skal vise Tryllefløyten i Operhuset i Bjørvika er det selt 1100 bilettar. Det betyr to fulle hus, og ei førestilling som nærmar seg utseld.

Tryllefløyten
Foto: Stig Høynes

- Dette er svært gledeleg for oss, seier operasjef Kari Standal Pavelich til Fjordabladet, som allereie no kan sjå fram til fulle hus den 15, 16 og 17. februar.

Imponerte operasjefen

Då reiser eit ensemble på 80 distriktsmusikarar, lokale musikarar, korsongarar og dugnadsfolk frå Opera Nordfjord. Dei skal vise fram det som var houvdoppsetninga til Opera Nordfjord hausten 2011. Sjefen ved den norske opera, Per Boye Hansen, såg ein av desse førestillingane og inviterte nordfjordoperaen til den nasjonale hovudscena.

Ikkje berre nordfjordingar

Og det er ikkje slik at nordfjordoperaen tek med seg heile publikumet sitt heimefrå.

- Eg har høyrt at fleire har prioritert denne oppsetjinga fordi dei har fått kjennskap til Opera Nordfjord. Ordet har gått i førevegen gjennom folk som har vore her på Eid, og det er veldig positivt, seier Standal Pavelich til Fjordabladet.