Hopp til innhold

Opera Nordfjord skal vise Tryllefløyten i Operaen i Bjørvika

I februar 2013 får truleg Opera Nordfjord syne sin versjon av Tryllefløyten i Operaen i Bjørvika. Kari Standal Pavelich gledar seg.

Den Norske Opera inviterte blant andre Opera Nordfjord til å bidra med ei vekes gjestespel på ein minifestival i Bjørvika frå 28.januar til 17.februar. Tryllefløyten er eit av prosjekta som Operaen i Bjørvika ønskjer å syne sitt operapublikum.

Oppglødd operasjef

Operasjef ved Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich gledar seg.

– Det er ein lang veg å gå, seier ho til Fjordabladet. Det er både praktiske og økonomiske utfordringar som må løysast. Men dugnadsviljen brukar å vere stor i Nordfjord.

Stor dugnadsvilje

– Det er stor vilje både i dugnadsapparatet og koret til å vere med, og så langt har ti av dei elleve solistane svart ja.

Minifestivalen har som mål å syne fram distriktsoperaene.