Hopp til innhold

Hetebølgja har gjeve draumesesong

Folk har valfarta til Refviksanden i Måløy i sommar. Det har gjeve Refvik camping sin beste sesong sidan oppstarten.

Refvika / refviksanden

BADESTRAND: Refviksanden er blant landets flottaste badestrender og i sommar har svært mange teke turen for å oppleve sydenstemning på vestlandskysten.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sommaren 2011 vart den dårlegaste på mange år, medan årets sommar er den beste noko sinne for Refvik camping.

Campingplassen blir driven på dugnad av bygdefolket og lokal ungdom blir hyra inn for å ta billettar og halde reint.

– Når det blir så flott ver som i år, med nær 30 varmegrader på stranda der i veke etter veke, då blir det nesten sydenstemning på kysten her, seier Inge Kåre Sætren, sekretær og kasserar for campinga.

Kåra til landets finaste

Badestranda i Vågsøy har i mange samanhengar blitt trekt fram som ei av landets finaste. Nyleg kåra også klikk.no sine lesarar Refviksanden til landets flottaste.

Kor mykje av æra det skal ha for dei gode besøkstala, er uvisst.

– Omsetnaden frå parkering, camping og kiosk er kring 160.000 kroner. Det er den beste sesongen sidan oppstarten for 10–12 år sidan, seier Sætren.

– Nesten som syden

Mellom dei mange som i sommar har nytt sommarsola i Refvika, er veninnene Amanda Myre, Teodora Flåten Refsnes og Amalie Apneset.

Då NRK.no vitja badestranda på kveldstid for vel ei veke sidan, var jentene blant kring 100 badande på stranda.

– Dette er jo nesten som å reise ned til syden, meinte jentene.