Hopp til innhold

Turistane sviktar Refviksanden

Refviksanden og campingplassen ligg der like idyllisk kvar sommar. Men i år sviktar turistane.

Refviksanden

DÅRLEG: Sesongen så langt i år har vore den dårlegaste på mange år for Refviksanden i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Jon Inge Bakke, ein av drivarane av Refvik Camping, stadfestar at det så langt i år har vore langt mellom turistane.

Det er tidleg å konkludere, men sesongstarten har så langt vore den dårlegaste på mange år.

– Dei lokale innbyggjarane har vi enno ikkje sett på Refviksanden i sommar.
Nokre få tilreisande turistar, som oftast ikkje har andre moglegheiter for å campere har vi hatt besøk av, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Refviksanden sommaren 2010

I FJOR: Slik var livet på Refviksanden i august i fjor.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Skuldar på vêretveret

– Vi har ikkje sett ein einaste solbadande her frå distriktet enno i år. Døra til kiosken er knapt nok låst opp. Vi får nok skulde på vêret med mykje regn, legg Bakke til.

Dei få dagane med solglytt, har skodda og nordavinden øydelagt for dei solhungrige. I år er Refviksanden ekstra fin og kvit, den er super for solbading. Sjøen er klar og fin - ei perle for dei som vil bade.

– Veldig synd

Kiosken på Refviksanden er stengd med hengelås.

STENGD: Kiosken på Refviksanden er stengd med stor hengjelås.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Vi har fått sanden så fint rydda av folk frå Vågsøy. Dei har gjort ein fantastisk dugnadsjobb, skryt Bakke og tykkjer det difor er spesielt synd at turistane, og vêrgudane, sviktar.

– For dette er verkeleg ei naturperle av dei sjeldne, seier han om Refviksanden som tidlegare har vore kåra til Norges finaste og reinaste sandstrand.

– Berre litt kaldt

Då NRK var ein tur på Refviksanden ved middagstider tysdag, var det framleis ikkje mange turistar å sjå. Eit telt var slått opp på marka ved sanden, medan døra til kiosken var godt låst med ein stor hengjelås.

Tuva og Benedicte på Refviksanden.

LITT KALDT: Tuva (t.v.) og Benedicte tykkjer det er berre litt kaldt å bade.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

På varme dagar er det eit yrande liv av badande og solsleikande folk, og diverse aktivitetar både på sjøen og stranda. Jentene Tuva og Benedicte tykte ikkje det var så frykteleg kaldt å bade.

– Nei, det er berre litt kaldt å bade. Det er verst når vi kjem på land att, seier dei i kor.

Surt og kaldt

Mormor Liv Angelshaug, som er med jentene, fortel at det ikkje er meir enn ti grader i lufta. Vinden er sur og kald.

Trioen, som er frå nabobygda Vedvik, stadfestar at det har vore sørgjeleg lite turistar i år. Også Angelshaug trur den våte og sure våren, og så langt sommaren, må ta skulda.

– Vi nyttar oss av denne fine sandstranda så ofte vi kan, og så ofte vi har tid til å gå turar, bade og sole oss, seier ho.

Reiste til Tenerife

Bakke fortel at på dei få dagane sola har glimta fram, har det vore nokre få som ville oppleve den fine solnedgangen. Dei fekk øydelagt heile opplevinga av skodde.

-– Nei, dette har vore dårlege greier, men vi håpar at det vil rette seg når vi kjem ut i juli, seier Bakke som sjølv sette seg på flyet til spanske Tenerife for å finne sola.