Hopp til innhold

Draumen hans har gått i oppfylling

Det er snart 40 år sidan Eivind Grov tok til å sysle med planar om å byggje ei gondolbane frå Loen opp på Skåla. Akkurat det gjekk ikkje, men laurdag skal Dronning Sonja offisielt opne Loen Skylift, som skal frakte folk opp på fjellet Hoven.

Eivind Grov

OPP OG FRAM: Eivind Grov har drøymt om gondolbane i snart førti år. No gler han seg stort over Loen Skylift.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Sidan Eivind Grov gifte seg med Inger frå hotellfamilien Loen og dei overtok drifta av Hotel Alexandra i 1964 har han prøvd å tenke nytt for å utvikle både hotellet og det turistane kan oppleve i indre Nordfjord.

Og ei gondolbane til fjells var tidleg ein del av det han kunne tenke seg. Han dreg fram frå innerlomma ein kopi av ein artikkel som stod i Dagbladet 7. august 1982, med overskrifta: Planane for gondolbane til Jostedalsbreen.

– Den gong var det opp til toppen av Skåla vi hadde planar om å byggje gondolbane. Vi tok til alt på slutten av 1970-talet å jobbe med saka.

Då var gondolbaneprodusenten Doppelmayr frå Austerrike på vitjing i Loen. Han vart teken med i helikopter og utarbeidde planar for bana.

– Vi tok det veldig seriøst, men det var den gong snakk om ein kostnad på 40–50 millionar kroner, og det var uhorveleg mykje pengar då.

Kort fortalt, det vart ikkje noko av planane om gondolbane til Skåla. Seinare vart Jostedalsbreen nasjonalpark oppretta, og difor vart Skåla uaktuell.

Formelt har Grov, som passerte 80 år i fjor, vore pensjonist nokre år. Men han møter på jobb kvar dag.

– Eg har ikkje like mykje ansvar som før, men eg likar å gå rundt og prate med gjestene, og eg trur faktisk gjestene set pris på det og.

Eivind Grov

DRAUMEN: Gondolbane-draumen er endeleg blitt ein realitet for Eivind Grov som snart skal ta imot dronninga.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Skal guide Dronninga

Og laurdag har han ein spesiell gjest han skal ta seg av. Dronning Sonja skal stå for den offisielle opninga av Loen Skylift.

– Eg har fått ei veldig spennande oppgåve, noko eg set veldig pris på. Eg skal gå opp på rommet klokka kvart på 12 og hente Dronning Sonja, og gå saman med henne ned i resepsjonen, der ho skal helse på ordførar og fylkesordførar og nokre andre. Så skal vi spasere i lag til nedre stasjon. Det gler eg meg til.

Hotel Alexandra i Loen

HOTEL: Eivind Grov har drive dette hotellet i ei årrekke og har vore oppteken av ny utvikling.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er eit eventyr

– Når det no er klart for opning av Loen Skylift, kva kjensler sit du med?

– Det er heilt fantastisk, eg synest det er eit eventyr. Vi har jobba med andre prosjekt, men alt har stoppa opp fordi vi er i randsona til Jostedalsbreen nasjonalpark. Men då vi bygde Via Ferrata og såg kva som opna seg på Hoven, vart ideen om å byggje gondolbane meir og meir aktuell.

Imponert over sonen

Og når det no er ein realitet meiner Eivind Grov at det er to personar i Loen som skal ha det meste av æra.

– Eg må seie at eg er veldig imponert over eldste sonen min, Richard, som har stått på med dette prosjektet. Han har jobba og jobba og teke vonbrot med jamne mellomrom. Men hadde det ikkje vore for at også Geir Egil Roksvåg på Nordfjord Kjøtt også fatta interesse for prosjektet, så hadde det aldri vore mogeleg å få det til.

– Har du teke turen opp på Hoven sjølv?

– Ja, fleire gonger. Eg likar godt å gå i fjellet, men eg har ekstrem høgdeskrekk. Når eg kjem ut på kanten på eit stupbratt fjell, må eg legge meg på magen, for eg greier ikkje stå utpå kanten.

– Difor var eg veldig spent første gongen eg tok gondolbane. Men det gjekk så stille og roleg at eg ikkje hadde snev av høgdeskrekk verken oppover eller nedover.

Eivind Grov

HØGDESKREKK: Eivind Grov var spent første gongen han skulle prøve gondolbana sjølv sidan han har høgdeskrekk.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– På kartet som vinterdestinasjon

Grov håpar at gondolbana trekkjer endå fleire turistar til indre Nordfjord. Han har tru på at det særleg vinterstid kan bli meir aktivitet.

– Det er magisk å reise opp dit om vinteren. Du kjem opp i eit snøsikkert område med eit fantastisk skiterreng. Det ligg godt an med tanke på alpinanlegg, og dette kan verkeleg sette oss på kartet også som ein vinterdestinasjon. Då snakkar vi verkeleg om ringverknader av denne investeringa.