NRK Meny
Normal

Snart kan du ta denne gondolbana

Fristar det med ein gondoltur 1000 meter over ein fjord på Vestlandet? Neste laurdag opnar dronning Sonja det som kan bil ein internasjonal attraksjon.

Gondolbana i Loen skal løfte 50000 turistar i året.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.

Arne Reme

LUFTIG ARBEIDSPLASS: Driftsleiar Arne Reme og resten av arbeidarane jobbar på spreng for å bli ferdige til opninga.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Reiselivet jaktar på å skape stadig meir halsbrekkande attraksjonar. I Loen i Stryn er det investert nær 300 millionar i ei ny gondolbane som skal gi folk magesug. Den tar deg 1000 meter rett opp frå fjorden.

– Vi startar på 10 meter over havet og brukar 5–7 minutt opp til toppen der plattforma ligg på 1001 meter over havet, fortel driftsleiar Arne Reme.

Fleire titals menneske jobbar på spreng for å få alt klart til dronninga kjem neste laurdag.

Ei av dei brattaste i verda

Sjølv ferda startar nede ved fjorden. Gondolbana er bygd etter pendelbaneprinsippet. Ei mast nede ved fjorden på 10 meter over havet, ei mast oppe på 1000 meter, mellom heng gondolen i ein stålvaier.

– Dette blir ei av dei brattaste gondolbanene i verda. Vi følgjer delvis fjellet oppover og har eit høgste fritt fall på 173 meter om lag midt på bana. På det brattaste stig vi med 53 grader, seier han.

Hoven Loen

TRUR PÅ GODT BESØK: Fyrste driftsåret satsar eigarane på å ta i mot over 50.000 reisande.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Håper på 50.000 reisande i året

Det er det lokale næringslivet som står bak investeringa. Bygda Loen i Stryn ligg midt i gullruta for reiselivet på Vestlandet. Frå bana ser ein Lodalen, Oldedalen med Briksdalsbreen, fjellet Skåla og Jostedalsbreen.

Hit kjem nær 100 cruiseskip i året, og mange fleire reiser langs vegen. I denne bygda har familien Grov drive Hotel Alexandra i generasjonar. No har hotelldirektør Richard Grov fått med seg kommune og lokalt næringsliv på å investere 300 millionar i bana. Fyrste driftsåret satsar eigarane på å ta i mot over 50.000 reisande.

– Når vi satsar på denne måten, er det for å vise at vi har ei framtidstru. Vi har ein draum om at området skal vise igjen både regionalt, nasjonalt og internasjonal også i framtida, seier Grov.

Hoven Loen

UTSIKT: På toppen er eit restaurantbygg med plass til 330 menneske snart ferdig. Her kjem også utsiktsplattform og turløypenett innover fjellheimen i Stryn.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK
300 millionar blir investert i å lage den nye turistattraksjonen Loen Skylift i Nordfjord

SLIK BLIR TUREN: Turistane vil garantert få magesug. På eine sida av gondolen ser ein rett inn i stupet på fleire hundre meter, på andre sida ser ein fjorden, breen og fjella.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.