I dag legg Helse Førde fram nye dramatiske nedskjeringsforslag for sjukehusa i Sogn og Fjordane.
Ei arbeidsgruppe med leiinga i Helse Førde, sjukehusdirektørane og tillitsvalde foreslår å kutta 90 sjukehussenger, likt fordel mellom sjukehusa i Lærdal, Nordfjordeid og Førde.
Fleire avdelingar forsvinn i Lærdal
Kirurgisk og ortopedisk avdeling i Lærdal forsvinn dersom styret i Helse Førde følgjer tilrådinga frå arbeidsgruppa. Det kan også bety slutten på den omstidde forsterka fødestova, som starta opp for eit par månader sidan. Utan kirurgisk akuttberedskap er det ikkje grunnlag for ei forsterka fødestove. Alternativet då blir anten ei vanleg fødestove utan akuttberedskap eller inga fødestova i det heile. Vurderer litt dagkirurgi.
Samanslåing i Eid
Store demonstrasjonar sist sjukehuset i Eid var truga. (Arkiv NRK)
Ved Nordfjord sjukehus føreslær arbeidsgruppa å slå saman kirurgisk og medisinsk avdeling og dessutan redusera akuttberedskapen for kirurgi og ortopedi.
30 færre senger i Førde
Også ved sentralsjukehuset i Førde skal det kuttast 30 senger. Dette skal skje ved å slå saman gynekologisk og kirurgisk avdeling og redusera talet på medisinske senger. Dette kjem i tillegg til ei effektiviseringsprogram som skal spara inn 18 millionar kroner.
Må kutte endå meir
Alle dei sjukehustilsette blir informert på allmøte klokka 14 i dag. Styret i Helse Førde skal handsama kuttpakken på styremøtet på torsdag.
Desse kutta gjev ei innsparing på 50 millionar kroner. Då har Helse Førde framleis minst 30 millionar kroner som helseføretaket må spare inn for å koma i økonomisk balanse innan utgangen av 2005, slik staten krev.