Rolf Domstein. Foto©NRK
- Det viser at vi har utfordringar på dette området, og at det har vore naudsynt å ta ned kapasiteten og bemanninga, seier han.
Domstein Enghav som i vår måtte seie opp omlag 90 personar ved fabrikken i Måløy, er framleis det svake leddet i Domstein-konsernet.
God utvikling for sild og makrell
Sild- og makrellverksemda derimot viser svært god utvikling med ei auke på 41% i driftsinntektene, med 12 millionar kroner i pluss mot 10 million i minus i fjor. Også Domstein - kontrollerte Ervik Havfiske går godt med 20 millionar kroner i pluss fyrste halvår.
Sterk konkurranse
Årsaka til at Domstein Enghav framleis har store utfordringar er den sterke konkurransen frå lavkostland. For å unngå denne konkurransen, satsar dei no på sal av fersk fisk. Difor kjøper dei no fiskematprodusenten Iglo Haugesund og grossisten Breivik & Co i Bergen samstundes som dei tidlegare kjøpte grossisten Inger Sørensen i Oslo.
- For å levere ferskfisk til butikkar og til institusjonar er vi nøydde til å ha distribusjon. Vi har bygd opp slik distribusjon i Oslo, og gjennom Breivik får vi også det i Bergens-området, seier han.
Offensive
Domstein utelukkar heller ikkje nye oppkjøp.
- Vi skal vere offensive i det å styrke marknadsposisjonen vår i Norge, og på sikt i Sverige. Så vi satsar på å gjere fleire slike oppkjøp i tida som kjem.
Har utfordringar
Rolf Domstein har trua på at dei grepa dei no gjer skal redde Domstein Enghav.
- Der har vi utfordringar, men vi har også ein omstillingsplan som vi reknar med skal bidra til av vi klarer å skape gode resultat.
- Fryktar du nye oppseiingar innan det neste året?
- Nei, det har vi ingen planar om. Målsetjinga vår er å drive bedrifta med den kapasiteten og bemanninga som er i dag, seier Domstein.
Aksjesal
Alt i alt gjekk konsernet med ca. 180 millionar i pluss mot minus 25 millionar andre kvartal i fjor. Hovudårsaka til auken er salet av aksjane i Fjord Seafood.