Hopp til innhold

Dømd til evig liv i opposisjon

I sju periodar som kommunepolitikar i Ap-bastionen Høyanger, er Oddvar Østerbø (66) blitt overkøyrd av det raude fleirtalet. No gjer han seg klar for sitt 29. år i kommunestyret.

Oddvar Østerbø

HELD FRAM: I sju periodar har Oddvar Østerbø (66) site som lokalpolitikar med lita reell makt i Høyanger. Likevel går han på ein ny periode.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Høgrepolitikaren frå Ikjefjord på Høyanger sørside, er ein ekte politisk «stayer». Tiår etter tiår har han site i kommunestyret, men utan å ha reell makt.

Oddvar Østerbø er også i år den lokale ordførarkandidaten til landets nest største parti. Men han ser det som svært lite truleg at det er nettopp han som blir sitjande ordførarklubba etter valet 12. september.

– Eg har ikkje noko von for at Høgre skal vippe Arbeidarpartiet av pinnen, vedgår 65-åringen.

Ap-bastion

For etter 28 år som folkevald, står høgrepolitikaren endå ein gong på val til kommunestyret i industrikommunen. Her rår Arbeidarpartiet, som ved førre val fekk 46 prosent av røystene.

Og det var attpåtil ein tilbakegang.

– Arbeidarpartiet hadde reint fleirtal i førre periode. Då formannskapet vart redusert til fem medlemer, var det fire frå Arbeidarpartiet og meg. Då fekk eg tilbod nesten annakvart møte om å melde meg inn i Ap, humrar Østerbø.

«Nesten» for 12 år sidan

Arbeidarpartiet byter ordførar i år. Erfarne Kjartan Longva takkar av etter 16 år. Inn kjem næringssjef Petter Sortland - utan politisk erfaring. Lokalavisa presenterte han som ny ordførar allereie før han var nominert.

Østerbø var nærme å få ordførarklubba for 12 år sidan. Då var det jamnare mellom dei store partia, enn det er no.

– Fram til midnatt låg det å vippa. Kjartan Longva var bort og gratulerte meg som ordførar. Under finteljinga mista KrF ein representant og Arbeidarpartiet fekk ein, så då vippa det andre vegen. Så jamt har det vore, fortel han.

Snart 30. år i politikken

Fram til for to år sidan arbeidde 66-åringen som konsulent i landbruksforsøksringen. No er han travelt oppteken som prosjektleiar for eit hyttefelt i grendelaget, og driv utleige av hytter og hjorteløyve.

Og lokal opposisjonspolitikar, snart på sitt 30. år.

– Du har vel følt at du ikkje får gjennomslag for anna enn det dei vil. Men eg har hatt den innstillinga å prøve å få fram synet. Etter kvart som eg vart meir rutinert har eg vore på bakrommet for å diskutere moglege kompromiss, seier han.

– Ikkje anna å gjere

Asbjørn Massnes

SJANSELAUS: Kystpartiet og Asbjørn Massnes vil aldri nå opp politisk i Ap-bastionen Høyanger.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Medan Østerbø er sikra både kommunestyre- og formannskapsplass, er Asbjørn Massness i realiteten sjanselaus. Også i år.

Vi er nokre kilometer lenger inne i fjorden. Framleis på Høyanger sørside.

– Sørsida er i ferd med å bli totalt avfolka. Det er ikkje noko anna måte å rette opp det på enn å engasjere seg og prøve å få folk til å forstå at dei må stemme på alternativa. Og alternativet er det som vi står for, Kystpartiet, seier Asbjørn Massnes, som bur nokre kilometer lenger inne i fjorden. Framleis på Høyanger sørside.

Utan mobil og internett

Det er tredje gong Massnes står på val. Og valkampen gjennomfører han utan både mobiltelefon og internett.

– Å kjøpe Internett berre for å vere medlem i Kystpartiet blir ikkje aktuelt. I tillegg må eg jo lære meg saka også, så dette er nok ei tung sak, ler han.

Hos Østerbø er datamaskina derimot ein trufast reiskap i det lokalpolitiske engasjementet. Sjølv om kampen i realiteten er tapt.

– Her sit du og skriv alternative framlegg som du veit blir nedstemte, men det hender no fleire gonger at vi får justert litt på dei, ler han.