Streik i mellomkrigstida

1. mai-toget i Høyanger i 1920. Ukjend fotograf.

1. mai-toget i Høyanger i 1920. Ukjend fotograf.

Alt i 1916 kom den første streiken, då arbeidarane kravde tariffavtale med høgare løn og betre betaling for overtid. Ein voldgiftsdom gav arbeidarane medhald i det meste, og etter kort tid tok dei opp att arbeidet.

Den første storkonflikten kom i 1919, då Høyanger var lamma i over to månader av streik for høgare løn. I 1929 gjekk arbeidarane til streik i seks dagar for å presse leiinga til å ta inn att ein arbeidar som etter seks års tilsetjing vart oppsagd med grunngjeving at han var «mindreverdig». Verksleiinga måtte bøye av.

I 1937 streika arbeidarane i over ein månad etter brot i dei sentrale lønstingingane. Samvirkelaget i Høyanger gav dei streikande kreditt slik at dei kunne klare seg med mat medan streiken varte.

Alt i 1917 gjekk arbeidarane i demonstrasjonstog i Høyanger. Her handlar det om mat, dei kravde at det ikkje skulle eksporterast matvarer frå Noreg. Ukjend fotograf. Eigar: Hydro-arkivet.

Alt i 1917 gjekk arbeidarane i demonstrasjonstog i Høyanger. Her handlar det om mat, dei kravde at det ikkje skulle eksporterast matvarer frå Noreg. Ukjend fotograf. Eigar: Hydro-arkivet.

Les meir: