Hopp til innhold

Døde hjortar i Lærdalselva

Det blei funne sju døde hjortar som låg og flaut i Lærdalselva ved Borgund. Dei blir no testa for skrantesjuke

Død hjort i lærdalselva

DRUKNA: Hjortane har truleg prøvd å krysse elva då dei vart tekne av straumen.

Foto: Rein-Arne Golf / SNO-Aurland

– Vi finn stort sett ein eller fleire hjortar i denne elva kvart år, seier Rein-Arne Golf som er regionalt rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Sju hjortar blei drege opp av vatnet, men det er kanskje enda fleire som kan dukke opp om ein søker i området. Dei hadde slagskadar som tyder på at dei har drive nedover elva eit godt stykke.

– Truleg har hjortane ein fast plass dei kryssar elva, og har blitt teke av straumen og drukna eller blitt slege i hel, seier Golf.

Rein Arne Golf

IKKJE UVANLEG: Rein-Arne Golf seier dei ofte finn døde hjortar i Lærdalselva om våren.

Foto: Arve Uglum / NRK

Testa for skrantesjuke

Hjortane blir rutinemessig testa for skrantesjuke sidan smitta dyr har høgare risiko for å bli utsett for slike ulukker.

– Har dei skrantesjuke får dei endringar i hjernen som gjer at dei lettare blir utsett for ulukker som påkøyring og anna, seier Golf.

Død hjort i lærdalselva

TESTA: Hjortane blir testa for skrantesjuke, sidan sjukdommen gjer dyra meir utsett for ulukker.

Foto: Rein-Arne Golf / SNO-Aurland