Hopp til innhold

No vil også reiselivsdirektøren bremse turiststraumen

I Flåm når motstanden mot cruiseturismen nye høgder. No får dei støtte frå reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Norge.

Cruisebåtar i Flåm

STOR PÅGANG: Flåm tok i fjor imot kring 250.000 cruiseturistar. No meiner til og med Innovasjon Norge at cruisetrafikken er blitt for massiv.

Foto: Anders Fretheim

Det er Bergens Tidende som i dag skriv at Tuftin ynskjer å bremse turiststraumen.

I år er 2.877.116 turistar venta å gå i land ved norske hamner. Tuftin fryktar at den veldige turiststraumen sjøvegen kan skjemme ut områda.

Per-Arne Tuftin, Innovasjon Norge

KRITISK: Per-Arne Tuftin i Innovasjon Norge.

Foto: Innovasjon Norge

– Sjå føre deg at du kjem til ein stad med eit par hundre innbyggjarar, og du plutseleg får 4.000-5.000 cruiseturistar som spring rundt der. Det vil ikkje vere noko særleg god oppleving for nokon, seier han til avisa.

Rundballeprotest

NRK.no fortalde i førre veke om bonden Anders Fretheim som står bak ein rundballeprotest mot turismen . På rundballane blir turistane møtt med ord som seier dei ikkje er velkomne.

Turismen er ei viktig inntektskjelde for den vesle bygda Flåm. Mange meiner likevel at tolegrensa no er nådd. Fretheim seier at folk ynskjer eit leveleg lokalmiljø.

– Frustrasjonen har bygd seg opp over fleire år, og det er ikkje noko magemål på kor mange ein skal ta i mot. Det handlar berre om å ta i mot absolutt alt og setje ny rekord på Flåmsbana, så er man lukkelege, sa Fretheim til NRK.no.

Må setje tak

No får dei altså støtte frå Innovasjon Norge. Ifølgje Bergens Tidende har Cruise Norway også ut eit skriv til hamnar og destinasjonar, der dei ber aktørane om å sjølve setje eigna tak på cruisetrafikken.

– For dei fleste er ikkje dette med «people pollution» eit stort problem, men det hender nokre dagar. Det er desse dagane vi sjølvsagt ynskjer å redusere og aller helst få vekk. Dette må vere eit lokalt ansvar, seier dagleg leiar Sandra Diana Bratland til avisa.