NRK Meny
Normal

Dette var Solveig sin bil

80-åringen Solveig Johanna Røstad sit innesperra i heimen i Førde etter at eit stort furutre knuste bilen hennar.

Dagmar knuste bilen til 80-åring

IKKJE MYKJE ATT. Dette var bilen til 80-åringen Solveig Johanna Røstad i Førde. Stormen Dagmar sine krefter førte til at fleire tre fall ned og knuste bilen.

Foto: Kristoffer Øen

- Eg vart dårleg rett og slett. Eg har ikkje kome meg enno, seier 80-åringen Solveig Johanna Røstad til bt.no .

Kom heim til totalvrak

Bilen hennar stod parkert heime då ho kom attende frå eit julebesøk måndag. Og det var eit trasig syn som møtte ho.

- Eg er 80 år og vettaskremt, seier ho til avisa.

Trea som no ligg over den knuste bilen til Røstad ramla ned første juledag då stormen Dagmar var på besøk.

(artikkelen held fram under biletet)

Dagmar knuste bilen til 80-åring

KJEM SEG INGEN VEG: Trea ligg framleis på bilen til Røstad.

Foto: Kristoffer Øen

Aldri opplevd liknande

- Eg har aldri opplevd makan til uvêr, seier 80-åringen til avisa.

Eigaren av treet som gav etter for Dagmar sine krefter, Arne Martin Erdal, seier han har varsla kommunen og forsikringsselskapet for å få fjerna treet og eit gjerde som ligg rund bilen.

- Dette er ei forferdeleg historie. Det er så prekært at det ikkje kan bli verre. Det er det verste vi har vore ute for, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå