Hopp til innhold

Dette skal lokke fleire turistar til Kalvåg

KALVÅG (NRK): På øya Frøya i Bremanger skal det no settast opp gapahukar og stormhytter. På den måten skal gjestane på øya få oppleve meir av den flotte naturen og fugle- og dyrelivet.

Hytte i Varanger i Kongsfjord

VIL HA LIKNANDE HYTTE: Denne hytta frå Biotope står i Varanger i Finnmark. Amundsen ser for seg noko liknande på Frøya.

Foto: Tormod Amundsen / BIOTOPE

– Vi har fått i oppdrag å vere med å utvikle Frøya som ein reiselivsdestinasjon, fortel Tormod Amundsen, arkitekt ved arkitektkontoret Biotope.

Biotope jobbar utelukkande med naturrelaterte prosjekt. Oppdraget på Frøya har dei fått frå Knutholmen i Kalvåg.

Familien Fosse vil ha fleire turistar til Kalvåg.

SATSAR: Familien Fosse lever av turistane, og no vil dei satse på nye prosjekt for å lokke fleire til Kalvåg. Frå venstre; Svein Inge Fosse, Martine Fosse og Jan Fredrik Fosse.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Konseptet er mellom anna å lage ei såkalla stormhytte, som skjermar for vêr og vind, men som samtidig gir deg ei fantastisk utsikt over storhavet, fortel arkitekten.

Dagleg leiar ved Knutholmen, Jan Fredrik Fosse, fortel at dei vil skape endå meir blest rundt øya.

– Vi ønskjer at gjestane skal få ta del i dei flotte naturopplevingane som vi har rundt oss til ei kvar tid, med ørn og vêr og vind.

Men er det ikkje nok natur i seg sjølv, utan utkikspunkt og stormhytter i tillegg?

– Her er nok natur, men ein må få folk til å få auga opp for han. Sjølv lever eg med naturen, men eg er ikkje observant nok på kor fint det er her. Vi må legge til rette for at turistane skal bruke naturen, og då må vi lage nokre produkt rundt han, seier Fosse.

Stormhytte

STORMHYTTE: Ei slik hytte ser arkitekt Tormod Amundsen for seg å sette opp på Frøya.

Foto: Tormod Amundsen / BIOTOPE

– Rimeleg prosjekt

Fosse fortel at dei ikkje har investert veldig mykje i prosjektet.

– Det er ikkje så store kostnader. Det er små enkle grep som gjer at vi kan gjennomføre det. Om dette blir teke godt imot håpar vi det skal vere på plass til neste sesong.

Arkitekt Tormod Amundsen fortel at det ikkje er massive byggverk som no blir sett opp på Frøya.

– Det er ikkje så store tiltak, det er litt i gapahuksjangeren. Målet er at arkitekturen skal vere med å promotere destinasjonen. Men det skal vere eit prisnivå som gjer det realiserbart. Eg vil helst bygge mange små, smarte bygg på strategiske plassar, som ein serie med gode turmål, fortel Amundsen.

– Mindre bygg på smarte plassar

Arkitekten fryktar ikkje at folk skal føle at dei kludrar til naturen.

– I Noreg har vi eit puristisk forhold til det å bevege seg i naturen. Men her snakkar vi om nokre ganske små bygg, på enkelte nøkkelplassar. Vi vil sørge for at tilreisande frå heile verda får oppleve naturen vår på ein god måte.

Kalvåg

KALVÅG: I området rundt Knutholmen skal det settast opp fleire naturrelaterte byggverk.

Foto: Tormod Amundsen / BIOTOPE

Jan Fredrik Fosse er i alle fall klar i si sak. Han trur prosjektet vil bli teke godt i mot.

– Det her skal vere for alle. Det er for lokalsamfunnet samstundes som det er for alle turistane som tek turen.