NRK Meny
Normal

Dette selskapet har dobla inntektene sine dei siste tre åra

Inntektene held fram med å vekse for Local Host. No har Måløy-selskapet store kundar både utanfor fylkes- og landegrensene.

Sindre Kvalheim

VEKS JAMT: Dagleg leiar i Local Host, Sindre Kvalheim, er nøgd med utviklinga i selskapet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I fjor gjekk den selskapet 3,2 millionar kroner i overskot.

Dagleg leiar Sindre Kvalheim er nøgd, trass i at resultatet er under budsjett.

– No har vi bygd ein kritisk kundemasse, vi har godt fokus på kostnadar og vi har klart å halde på kundane våre. Då kjem resultata, seier Kvalheim.

Har vokse geografisk

Frå gate 1 i Måløy driftar Local Host it-utstyret til kundane, mange av dei langt vekk.

Dei 20 tilsette sel og programvareutvikling og konsulenttenester innan IT. Det gav 19,5 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Også geografisk har selskapet vokse.

– Det er klart at Sogn og Fjordane er ein avgrensa marknad. I det siste har dei store kontraktane våre vore utanfor fylket, og også i utlandet, seier Kvalheim.

Han legg til at selskapet må ha fokus på sal i tida framover.

– Vi må nok også vere meir til stades andre stadar i Sogn og Fjordane, i tillegg til Oslo og Bergen, seier Kvalheim.

Jobbar i ein marginal bransje

Han legg ikkje skjul på at dei merkar konkurransen.

– Dette er ein marginal bransje å jobbe i. Mykje av grunnen til at vi har det resultatet vi har, er at vi har våre få tilsette, vi har mange spesialistar og få generalistar, seier Kvalheim.

Selskapet har investert 15 millionar kroner sidan oppstarten, ifølgje Kvalheim. 2014 enda med 3,2 millionar kroner i overskot, og gjelda er nær 10 millionar kroner. No jaktar dei fleire kundar og tilsette.

– Vi må nok tilsetje ein del på sal. Vi jobbar også veldig aktivt med Lefdal Gruver-prosjektet, som vi også er ein stor eigar i. Lukkast vi der, så vil nok det bety mange tilsette for Local Host framover, seier Kvalheim.