Hopp til innhold

Dette kan koste deg førarkortet

Av 21 køyretøy på kontrollplassen, fekk to ekstra merksemd frå kontrollørane til Statens vegvesen.

For dårleg skrapa ruter

SÅ VIDT: Rutene på denne bilen var heilt på grensa til at kontrollørane til Statens vegvesen kunne godkjenne den.

Foto: Statens vegvesen

Bilførarane hadde køyrt ei stund før dei vart stogga, og fekk med naud og neppe køyre vidare etter kontrollen.

Men først etter at dei hadde skrapa ferdig frontruta.

– Dei hadde køyrt så pass lenge at ruta var noko opptina. Dei fekk køyre vidare med ei skriftleg åtvaring. Den blir liggande i vårt kontrollsystem. Blir dei stogga ein gang til, så blir dei melde, seier kontrollør Svein Arne Henjesand.

– Ta deg tida

Henjesand seier rutene var heilt på grensa til å bli politimat. Han seier det er stor risiko knytt til det å ikkje skrape frontruta og begge siderutene framme. Og følgjene kan fort bli verre enn berre bot eller førarkortbeslag.

Les også: Slik bør du ikkje køyre

– Det er fort å komme ut for noko, at du køyrer på nokon, skaper farlege situasjonar eller kjem ut for alvorlege trafikkulukker, seier Henjesand og har følgjande oppmoding til bilistane:

– Ta deg tid til å gjere rutene reine for is før du startar køyreturen. Det skal ikkje vere noko som hindrar sikta i synsfeltet. Då er det heilt klart at heile rutene må vere skrapa.

– Kva følgjer kan det få om du eller politiet stoggar deg?

– Om det ikkje har skjedd noko før, så må ein skrape og ein kan bli meld. Er det alvorleg, så misser du førarkortet. Du set deg sjølv og andre i fare om du ikkje ser godt nok når du køyrer.