Hopp til innhold

Slik bør du ikkje køyre

Politiet oppmodar no bilistar om å hugse å koste snø også av biltaka før dei legg ut i trafikken.

Mykje snø

KOST AV BILEN: For mykje snå på biltaket kan vere farleg.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Vi har vel alle opplevd kor ubehageleg det er når snøen rasar frå biltaket og nedover frontruta, seier Trond Hatlenes som er trafikkoordinator for politiet i Sogn og Fjordane.

For mange har nok det store snøfallet i natt kome som ei stor overrasking, og ikkje alle har tatt seg tid til koste all snøen av bilen før dei køyrer.

– Det som er viktig no er at alle hugsar å skrape frontruter og sideruter. Dei bør og ta seg tid til å koste snø av lykter framme og bak, og også panser og tak, seier Hatlenes.

Lappen kan ryke

Dei fleste har fått med seg at dersom du slurvar med å skrape frontruta, så kan faktisk førarkortet ryke. Ifølge Utrykkingspolitiet er forenkla førelegg den vanlegaste reaksjonen når folk ikkje tar seg bryet med å skrape rutene skikkeleg. Bota er vanlegvis 2000 kroner, men du risikerer også å miste lappen på staden.

Is på frontrute

LAPPEN KAN RYK: Dersom du slurvar med å skrape ruta kan det føre til førarkortbeslag

Foto: Pressebilete, Frende forsikring

Jo mindre du ser, jo større er risikoen for å miste førarkortet, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Snø på taket

Sjølv om det ikkje er ulovleg å køyre med snø på taket, kan det fort blir det dersom laussnø føykar frå taket og fører til dårleg sikt for andre trafikantar, eller at snøen rasar ned over frontruta og fører til ei ulukke.

Trond Hatlenes

IKKJE GLØYM SNØEN PÅ TAKET: Trond Hatlenes er trafikkoordinator for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dersom det skjer ei ulukke som følge av at snøen rasar ned over frontruta, så fører det til politimelding. Så her bør ein bruke eit par minutt ekstra til å koste snø av bilen, sjølv om ein har det travelt, seier Hatlenes.