Hopp til innhold

Dette har Jørgen øvd på sidan jul

Han har øvd i månader utan å vite om han faktisk ville få sjansen til å vise seg fram. Etter feilfri TV-framferd tikkar tekstmeldingar og veneførespurnader frå jenter inn på Facebook.

Jørgen Henden på Karl Johan

PÅ DIREKTEN: Jørgen Henden hadde solonummer då Gardedrillen hadde framsyning på Karl Johan 17. mai.

Foto: NRK

Eid kommune hyllar gardist

HYLLA AV HEIMKOMMUNEN: Eid kommune la ut denne meldinga på si offisielle Facebook-side søndag.

Foto: Skjermdump får Facebook

– Det har vore ein del meldingar, ja. Og jenter som vil bli ven med meg. Dei vil vel på Gardeballet, ler Jørgen Henden frå Eid.

Solonummer

21 år åringen imponerte både tilskodarane på Karl Johan og tusenvis av TV-sjåarar då Gardetroppen heldt si tradisjonsrike drilloppvising 17. mai. Midt i NRK1 si direktesende «Gratulerer med dagen!»-maratonsending marsjerte Henden ut av Gardetroppen og framførte eit solonummer der han drilla med geværet til jubelrop frå publikum.

– Viss ein veit ein skal på TV, er det naturleg at ein er nervøs. Eg var nok litt nervøs, men når eg først kom i gang, tenkte eg ikkje på det. Det gjekk fint, oppsummerer Henden sjølv.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Den tradisjonelle garderillen avsluttes som alltid med en dans.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå heile framsyninga til Gardedrillen 17. mai. Spol fram til 6 min og 40 sekund for å sjå Jørgen Henden sin drillkunst.

La grunnlaget på Nordfjordeid

Nordfjordingen gjer førstegongsteneste i Garden på Huseby leir. Han har tidlegare drive med drill i samband med det historiske spelet Elskhug & eksersis på Nordfjordeid.

– Det må mykje trening til på ei oppvising som den i dag. Det er små marginar og mange ting som kan henge seg opp. Til dømes våpenreima. Eg byrja å trene rundt juletider, men det var først for to-tre veker sidan at eg verkeleg byrja å førebu meg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jørgen Henden

40 SEKUND ÅLEINE: Månader med hard trening låg bak solonummeret til drill-gardist Jørgen Henden.

Foto: NRK

Fekk beskjed onsdag

Sjølv var han usikker på om han ville rekke å trene inn framsyninga til 17. mai. Og berre for eit par dagar sidan fekk han vite at det faktisk var han som skulle stå for solonummeret midt i Oslo si paradegate.

– Eg viste fram programmet mitt måndag, og fekk ta eit oppdrag inne i Huseby leir onsdag. Eg gjorde det bra på Huseby, og fekk beskjed om at eg skulle drille på 17. mai.

Trass nokre sekund i rampelyset som gardist på nasjonaldagen, ser nordfjordingen ikkje føre seg å halde fram i Garden.

– Eg dimmar 9. september. Då er planen å ta folkehøgskule og slappe litt av, seier drillgardist Jørgen Henden.