Hopp til innhold

Blodmånen skuffa ikkje entusiastane

Ei måneformørking av det sjeldne har nok halde fleire enn vanleg vakne i natt. – Det er eit veldig spesielt syn, seier hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes i Gloppen.

Kameratane Bendik, Jostein og Emil tok turen til Hafstadfjellet for å få med seg supermånen bli blodmåne.

SJÅ VIDEO:: Kameratane Bendik, Emil og Jostein tok turen til Hafstadfjellet for å få med seg den store blodmånen. Månen svikta ikkje. (FOTO/REDIGERING: ALF VIDAR SNÆLAND/ODDLEIF LØSET/NRK)

Runar Sandnes

HOBBYASTRONOM: Runar Sandnes har meir å sjå fram til utover hausten og vinteren. – I tillegg til nordlysaktiviteten, så er ein komet venta inn rundt juletider som kan bli fin, seier han.

Foto: Privat

Trass låg måne og eit aldri så lite skydekke, pakka Runar Sandnes utstyret og reiste til Utvikfjellet for å få med seg hendinga. Og han fekk lønn for strevet.

– Mot slutten av totaliteten klarna det så pass opp at eg trur eg fekk ei rimeleg bra oppleving, seier hobbyastronomen på Breim.

Første sidan 1964

Måneformørking 28. september 2015

MØRK: Runar Sandnes knipsa dette biletet av måneformørkinga i natt.

Foto: Runar Sandnes

I natt var det første gong sidan 1964 at ein kunne sjå ein superstor fullmåne samstundes med ei totalt måneformørking i Norge. Sandnes fortel at månen ofte har gått opp eller ned under dei tidlegare totalitetane.

Hobbyastronomen fortel om eit veldig spesielt syn.

– Du ser at det er fullmåne, men den er så mykje mørkare enn den normale fullmånen. Du ser stjernene mot ein tredimensjonal raud måne, skildrar han medan sola igjen er byrja å lyse på måneoverlata slik at stadig meir av månen blir synleg att.

Gerd Nyttingnes delte desse bileta med NRK på Facebook.

TILBAKE: Gerd Nyttingnes frå Eikefjord delte desse flotte bileta frå måneformørkinga på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: FOTOMONASJE: Gerd Nyttingnes

– Var skuffa, men så...

I Førde følgde kameratane Jostein, Emil og Bendik hendinga frå Hafstadfjellet. Med seg ned att hadde dei fotoapparat med fleire gode bilete av måneformørkinga.

– Det var overskya, og eg var eigentleg ganske skuffa me det same. Men så kom det, og eg fekk bileta eg ville ha, strålar Jostein.

Einaste utfordringa no er å komme seg gjennom skuledagen måndag med søvnunderskot.

– Eg går glipp av dei to første timane, og hadde eigentleg tenkt å seie til læraren at eg forsov meg. Det blir vel litt vanskeleg no som eg blir intervjua av NRK. Men det er 18 år til neste gang, så eg får tru det går fint, avsluttar «måneentusiasten» Bendik.