Hopp til innhold

Slik deler du Instagrambileta dine med NRK Sogn og Fjordane

For å få Instagram-bileta dine på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er.

Instgrambilete NRK Sogn og Fjordane

VÅRT FLOTTE FYLKE: Dette er nokre av bileta som er merka med #nrksf. Har du lyst å bidra med fleire flotte vinter- og julebilete?

Instagram #nrksf

LEGG PÅ KARTET: Slå på Legg til på bildekart når du skal leggje ut bilete på Instagram.

Vi ønskjer å vise flotte vinter- og julebilete frå heile Sogn og Fjordane. Bileta kan du sjå på kartet og i fotoalbum.

Ta bilete med telefonen din ved hjelp av bilettenesta Instagram. Brukar du emneordet #nrksf og følgjer oppskrifta under, vil bileta dine dukke opp på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.

Du må ha ein smarttelefon og bruke appen Instagram.

Slik legg du bileta på kartet

Har du allereie appen Instagram på telefonen din, vil det vanlegvis fungere om det slår på «Legg til på bildekart» når du skal dele biletet ditt.

Skriv gjerne ein liten tekst til biletet og hugs å ta med #nrksf.

Dukkar ikkje biletet opp i kartet, kan det vere lurt å sjekke om du har aktivert «stedstjenester» på telefonen din.

Har du iPhone eller iPad, gjer du det slik:

Gå inn på Innstillinger -> Personvern -> Stedstjenester

Sjekk at dette er slått på for appen Instagram, sjå biletet under. Bileta som blir sende inn, plasserast på kartet, nøyaktig på den staden der du tok biletet. Bilete utan geolokasjon hamnar ikkje på kartet, men dukkar likevel opp i biletstraumen.

NRK app 17. mai-kart

STEDSTJENESTER: Slå på Instagram slik at bileta dine blir tagga med kvar du er. Dermed dukkar dei opp i kartet og biletgalleriet til NRK Sogn og Fjordane.

Slik gjer du det med Android

Android: Slik aktiviserer du GPS for Instagram.

Aktiverer anten «GPS-tagg» eller «Lagre sted i bilde», alt etter kva for modell du har.

Android: Slik aktiviserer du GPS for Instagram. – Aktiverer anten «GPS-tagg» eller «Lagre sted i bilde», alt etter kva for modell du har.

Gå inn på «Innstillinger», og sørg for at «Plassering» eller «Posisjonstilgang» er aktivert.

På mange telefonmodellar må du også aktivere stedsinformasjon i sjølve kamera-appen. Då startar du ganske enkelt kamera-appen som følger med mobilen, og går inn på «Innstillinger» før du tek biletet (vanlegvis er dette eit tannhjul-symbol). Der aktiverer du anten «GPS-tagg» eller «Lagre sted i bilde», alt etter kva modell du har.

Er du ufrivillig tagga?

Er du ufrivillig tagga i eit bilete på kartet vårt, kan du sende ein mail til moderator og rapportere det. Det gjer du slik: Trykk deg inn på biletet i kartet. Trykk så på «rapporter bilete» under høgre hjørne. Ein ferdig adressert epost dukkar opp, og du kan rapportere om nøyaktig det biletet du vil ha fjerna.

NRKs 17. mai-kart app