Hopp til innhold

Dette er truleg dei siste bileta av den sakna båten

Hobbyfotografen visste ikkje at båten han tok bilete av er skuta politiet og Hovudredningssentralen har etterlyst over store deler av Vestlandet. Ein mann i 50-åra er sakna.

Bilete av skuta Fram i Askvoll

PÅ VEG SØROVER: Trond Asperheim fotograferte den sakna treskøyta «Fram» på veg sørover gjennom Granesundet i Askvoll.

Foto: Trond Asperheim

– Eg drog kjensel på båten, så då tenke eg at eg fekk ringe og gje beskjed, seier fotografen, Trond Asperheim. Han tok det som truleg er dei siste bileta av skuta mellom klokka 13.30 og 15 torsdag sist veke.

Ein mann i 60-åra og båten «Fram» vart meldt sakna etter at han ikkje kom tilbake til Stord slik familien hadde forventa. Mannen skulle kjøpe båt i Sunnfjord og ta sjøvegen tilbake til Stord.

Hovudredningssentralen og politiet gjekk i går ut med bilete av båten og bad om tips.

Kjende att båten

Då hobbyfotograf Trond Asperheim frå Stongfjorden såg bilete av den sakna båten, drog han raskt kjensel på den, skriv Firda. Han hadde teke bilete av båten då den passerte gjennom Granesundet i Askvoll same ettermiddag som den vart observert i Kalvåg.

Skyta Fram i Askvoll

SIKKER OBSERVASJON: Bileta av den sakna båten gir Hovudredningssentralen viktig informasjon.

Foto: Trond Asperheim

Redningsleiar Siv Namork ved Hovudredningssentralen seier tipset frå fotografert i Askvoll er den mest sikre observasjonen gjort av båten.

– Det at han har teke bilete av båten gjer at vi med sikkerheit kan seie at det er den sakna båten som er på veg sørover.

Trur båten har passert Bergen

Etter at HRS og politiet bad om publikum si hjelp i går, har dei også fått inn meldingar om observasjonar gjort av båten i området rundt Bergen.

– Vi er ganske trygge på at båten har kome til bergensområdet.

– Kva har desse tipsa å seie for det vidare arbeidet med å lokalisere båten og mannen?

– Området er no veldig avgrensa ut frå at det ser ut til at han har kome til Bergen. Då har vi eit område mellom Bergen og Stord, som er mykje mindre enn det området vi først jobba ut frå.

Mobiltelefonen er slått av

Det går ikkje føre seg aktive søk etter båten og den sakna mannen, men HRS og politiet jobbar med etterretning for å prøve å finne ut kvar han er.

Mannen sin mobiltelefon har vore slått av sidan 2. november. Det er sagt at mannen skal ha ein VHF-radio i båten, utan at politiet har klart å få det stadfesta.