Hopp til innhold

Laga heile bygda si av peparkake

JØLSTER (NRK): For andre år på rad samla heile bygda seg for å lage dalen sin av peparkaker. No håpar dei at det blir tradisjon.

Peparkake

MINIATYR. Dette er eit miniatyr av heile Stardal.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Britt Jannicke Lundal jobbar som kokk på Stardal Bygdetun og har vore med å laga eit miniatyr av bygdetunet som peparkakebygda står i.

Traktor

TRAKTORAR. Alt er med når ein skal lage ei peparkakebygd. Også traktorane.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg er ikkje frå bygda sjølv, så difor måtte eg bidra med å lage min eigen arbeidsplass, smiler ho.

Lundal synest det var kjekt at heile bygda kunne samlast for å lage sine eigne hus og gardar av peparkaker.

Britt Jannike Lunde

BYGDETUN. Britt Jannicke Lundal har laga Stardal Bygdetun av peparkake.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er ein fin måte å vere saman på og så er det jo sjølvsagt veldig kjekt å sjå kor kreativ ein kan vere, fortel Lundal.

Ingrid Hjelle

STAS FOR UNGANE. Ingrid Hjelle er tilsett ved barnehagen i same bygg som bygdetunet. Dei har fått vere med å lage peparkakehus.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ingrid Hjelle er tilsett ved barnehagen som ligg i same hus som bygdetunet. Ungane fekk vere med å lage peparkakehus. Det var stas for både ungar og vaksne.

– Det er kjekt å få vere med på å lage sin eigen heimstad. Det er samlande og kjekt, fortel Hjelle.

Sjølv tok ho på seg ansvaret å lage NAF-bana.

– Det var ingen andre som ville, det var litt vrient å få til. Men eg tok ein for laget, flirer Hjelle.

Bygdetun

HYTTEGRENDA. Det aller meste er med i miniatyrbygda.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Peparkakebygda har 22 hus. Og det er huseigarane som står bak.

– Alle har laga sine eigne hus og gardar, det trur eg dei fleste synest det er spennande, fortel Marit Flatjord.

marit flatjord

TRADISJON. Marit Flatjord håpar bygging av peparkakebygda blir fast tradisjon.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ho har vore ei av dei som har stått i bresjen for å få til arrangementet for andre gong år på rad.

– Bergen har peparkakebyen og vi har peparkakebygda. Vi er jo stolte av bygda vår.

No gler Flatjord seg til neste år.

– Eg håper dette kan bli fast tradisjon, avsluttar ho.