Hopp til innhold

Dette er eit mysterium også for forskarane

Fleire hundre daude haifiskar i Undredal fekk forskarane til å klø seg i hovudet.

Daud håfisk i Undredal

FLEIRE HUNDRE: Kanskje så mange som 400–600 svarthåar vart skylt på land i Undredal første gongen. Ifølgje innbyggjarane var det fleire hundre gongen etter det også.

Foto: Leif Finden

Det begynte rett etter ekstremvêret Tor i starten av februar. Fleire hundre fiskar av typen svarthå, ein liten haiart som lever i djupna, låg plutseleg i fjøresteinane i den vesle bygda Undredal ved Aurlandsfjorden i Sogn. Etter at bygdefolket hadde rydda opp, for å unngå lukt, kom fleire hundre nye.

NRK har dei siste dagane vore i kontakt med Havforskingsinstituttet, der forskarane har grubla fælt på det ukjende fenomenet.

Ole Thomas Albert i Havforskingsinstituttet

FORSKAR: Ole Thomas Albert i Havforskingsinstituttet.

Foto: Privat

– Dette har eg aldri høyrt om før, seier Ole Thomas Albert, leiar for faggruppa for djuphavsartar og bruskfisk.

Ukjent fenomen

At fiskar strandar er ikkje i seg sjølv oppsiktsvekkjande. Men at det er ein djupvassfisk i så store mengder, gjentekne gonger, er nytt.

Før det vart kjent at det har kome fiskar i fleire puljar, lurte forskarane på om det kunne vere ein fangst som vart sleppt, men slo dette raskt ifrå seg. Deretter tenkte dei at ekstremvêret kunne ha pressa eventuelt oksygenfattig vatn opp, der fiskestimar har blitt fanga. Men då hadde dei sannsynlegvis døydd før dei nådde land.

Daud svarthå i Undredal

NYE FISKAR: To veker etter ekstremvêret Tor kjem det framleis nye halvdaude svarthåar inn i fjøresteinane.

Foto: Leif Finden

Ifølgje ein av innbyggjarane i Undredal, Leif Finden, var dei berre halvdaude. Han har rydda sjøkanten for fisk fleire gonger.

– Det er ei gåte. Eg har snakka med fleire. Dei har aldri opplevd noko slikt.

Trur sjukdom er forklaringa

Leif Finden har sjølv lufta ei mogleg forklaring; kloakkutslepp frå båttrafikken. Men det har ikkje Albert trua på.

– På store djup vert alle forureiningar veldig uttynna, så i den grad det var noko infeksjon som kunne ramme fisk, vil eg tru det hadde ramma andre enn svarthå først. Men det er få sjukdommar som går både på menneske og fisk, så eg har lite tru på at det er årsaka.

For forskaren tyder det meste på ein form for sjukdom eller parasitt. Han måtte vende blikket utanfor landegrensene for ei mogleg forklaring.

– I Stillehavet har dei ein haiart som er nært slekta med håbrann. Den er jamleg å finne i fjøresteinane, daud eller halvdaud. Det er funne ut at hundre prosent av dei er infiserte av ein type bakterie som gir hjernehinnebetennelse. Det kan gjere at dei mister retningsorienteringa, får ein anna åtferd og rett og slett går på land.

Daud håfisk i fjøra

PÅ REKKE OG RAD: Innbyggjarane har aldri sett liknande.

Foto: Leif Finden

Sogn Avis skriv i dag at innbyggjarar har sendt nokre av fiskane til Veterinærinstituttet for undersøking. Resultatet er Albert og dei andre forskarane spente på.

– Det vil vi vere veldig interesserte i å høyre om. Dette er ei sjeldan og spennande oppleving.

Leif Finden meiner forklaringa verkar fornuftig, og han er også spent på om Veterinærinstituttet kan gi eit endeleg svar.

– Ja, det blir veldig spennande.