Hopp til innhold

Dette er ein veg - likevel står bilane hulter til bulter midt i gata

Mange slepper frå seg bilane på kryss og tvers i Elvevegen i Førde sentrum. Det både uroar og irriterer bebuarane i området.

På kryss og tvers

OVERALT: – Det er nesten ikkje til å tru når ein ser korleis folk parkerer, seier Rune Timberlid.

Foto: Rune Timberlid

– Det har vore slik i fleire år, og det ser ikkje ut til å gi seg, seier Rune Timberlid.

Han både bur og jobbar i området ved Storehagen Atrium midt i Førde. Bak blokkene går Elvevegen, som er stengd for gjennomkøyring, men som fører ut i Langebruvegen.

Trass i at dette er ei gate, parkerer bilane midt i gata, inn mot den fysiske sperringa.

– Vi i sameiget har forsøkt å setje opp lappar for å gjere folk merksame på at ein ikkje skal stå her, men det hjelper ikkje. Folk berre krøllar lappane og kastar dei på bakken, så vi fekk i staden også eit søppelproblem i tillegg, seier Timberlid.

Skal ikkje ha sideparkering

Han peikar på at parkeringa også utgjer ein fare dersom naudetatane har trong for å komme kjapt fram.

– Korleis skal ambulanse og brannbilar komme til dersom det skjer noko, spør Timberlid.

Rune Timberlid

LIKAR DÅRLEG: Rune Timberlid og dei andre i sameiget har lite sansen for at folk parkerer på kryss og tvers i Elvevegen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han peikar på at folk også parkerer på sida av vegen, gjerne inne på fortauet.

Einingsleiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg, deler uroa til Timberlid.

– Dette er ikkje bra. Elvevegen er lagt opp til at det skal vere to køyrebaner og ikkje sideparkering. Vert det parkering langs med Elvevegen kan det skape situasjonar som kan bli alvorlege, seier einingsleiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg.

Parkerer på fortauet

FORTAU: – Det skal ikkje vere sideparkering i Elvegata, slår einingsleiar for teknisk drift i Førde, Bernhard Øberg, fast.

Foto: Rune Timberlid

Er stengd med elektriske pullertar

Elvevegen skal vere fysisk stengd for gjennomkøyring ved hjelp av to pullertar som kan senkast av både naudetatar, men også varebilar som skal levere gods i området.

Desse pullertane er for tida øydelagde på grunn av påkøyrsle og skal reparerast. I mellomtida er vegen stengd med ei grind.

Men bilistane parkerer no midt i gata, rett framfor grinda, slik at det ikkje er råd å køyre gjennom gata for til dømes naudetatar eller varebilar som har behov for dette.

– Viss det skulle bli ein brann i området og brannbilane ikkje kjem seg inn der dei skal, så må dei faktisk rygge ut og køyre rundt. Det er slett ikkje bra, seier Øberg.

Bernhard Øberg

IKKJE BRA: – Slik parkering vil vi ikkje ha noko av. Held dette til må vi setje opp skilt om parkering forbode i heile gata, seier einingsleiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ei mogleg løysing er at kommunen skiltar med parkering forbode i heile gata.

– Viss det syner seg at dette er eit problem som aukar på, må vi vurdere å skilte, seier Øberg.

Ber folk bruke hovudet

Dersom folk likevel feilparkerer, vert oppførselen politimat.

– Kjem det på plass skilt, blir det opp til politiet å handheve dette, seier Øberg.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier politiet har forståing for at bebuarane i området kan kjenne på at uønskt parkering er plagsamt.

– Ein må ikkje vere til fare når ein parkerer. Bruk sunn fornuft og tenk deg om før du parkerer, seier Tvinde.