Hopp til innhold

Det går mot siste reis for ku nummer 36

LUSTER: (NRK): Det er rundt 240.000 kyr i Norge. Ku nummer 36 frå Kristina-garden på Indre Hafslo er samstundes den 36. eldste mjølkekua i landet. Til hausten ventar slaktebenken.

Ku nummer 36

SISTE REIS: Ku nummer 36 har godt lynne og har ikkje noko i mot at Torkjell Kjørlaug Bergfjord (5) får ri på ho. Mor Oddfrid Vange Bergfjord passar på.

Foto: Privat

Gjennomsnittsalderen på ei ku i Norge er på rundt 6 år. Ku nummer 36 er 15 år, har hatt ein samla mjølkeproduksjon på om lag 93.000 liter, født 13 kalvar, hatt generell god helse og vore veldig snill.

– Ingen over og ingen ved sida. Ho er litt unik, ser du, seier bonde Tomas Kjørlaug.

Naturens gong

Han har ikkje noko fasitsvar på kvifor akkurat denne kua skulle greie å bli så gammal, anna enn godt stell.

– Og så fekk ho ein roleg start. Etter kvart har ho mjølka meir og meir. Ho har gått på utmarksbeite om somrane og fått lada batteria. Og elles hatt ei generelt god helse, forklarer han.

No er kua komen i overgangsalderen. Ei ku som ikkje er fruktbar kan ikkje få kalv. Ei ku som ikkje kan få kalv kan ikkje gje mjølk. Så til hausten ber det til slaktebenken.

Bonden ventar at det blir litt kjøt, om lag 300 kilo i slaktevekt, men han skulle helst sett at dei fekk behalde henne litt lenger.

– Vi har prøvd litt forskjellig, men ho er ikkje fruktbar lenger og vi får ikkje kalv i ho, seier han.

Trist, men naturleg

Difor er valet eigentleg lett. Men Kjørlaug vedgår at det blir vemodig den dagen kua blir sendt til slakt.

– Vanlegvis er det heilt naturleg, men det er løge med det. Når du har vore så lenge med ho, så blir det litt trist. Men det er naturens gong, så vi skal takle det greitt, seier han.

Dei har rundt tretti storfe med stort og smått, fjorten av dei gav kalv førre haust. Nokre av dei har til og med fått namn.

– Det er ungane som har byrja å gje det til dei yngste kyrne, men denne er så gamal at den ikkje har fått noko namn, seier Kjørlaug.