NRK Meny
Normal

Det beste frå skuledebatten

STRYN (NRK): – Vi kan ikkje leve av å klippe håret til kvarandre, sa Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet under debatten i Stryn i dag.

Debatt om den videregåande skulestrukturen i Sogn og Fjordane.

VIDAREGÅANDE SKULE: Framtida til den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane var tema når ungdomspolitikarane møttest til debatt i Stryn i dag.

Vallogo

Vereide refererte då til den desperate situasjonen for 80 elevar som framleis står utan lærlingplass i fylket. Kva politikarane ville gjere med den situasjonen var berre eit av mange tema i skuledebatten.

Det vil bli nesten 400 færre elevar i åra som kjem, og om lag 50 av dei over 200 millionane som fylkeskommunen må kutte skal kome innan opplæring. Kva vil det gjere med den vidaregåande skulen, og blir nedlegging av skular nødvendig?

Fritt skuleval var også tema:

Elevar er rasjonelle, oppegåande menneske som kan ta gode val Tore Storehaug (KrF)

Det handlar om fridom, eg trur dette kjem til å gå i null Lise May Sæle (H) om fritt skuleval på tvers av fylkesgrensene.

Debatt om den vidaregåande skulen

FRÅ VENSTRE: Tore Storehaug (KrF), Yrla Klein (SV), Aleksander Heen (Sp), Lise May Sæle (H), Daniel Gangeskar (V), Torbjørn Vereide (Ap)

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Hordaland = Bergen?

Geografi vart også eit tema under den delen av debatten som handla om fritt skuleval.

Eg er frå ein så liten plass at for meg er Hordaland det same som Bergen. Daniel Gangeskar (V) forklarar om fritt skuleval.

Ikkje lenge etter kom første reaksjon på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Gangeskar var ikkje sein om å retweete og favorittmarkere Vereide sin tweet, og kom også med humoristisk sjølvkritikk under debatten:

Eg kan innrømme at geografi ikkje er mi sterkaste side, men eg er litt sterkare på andre område, heldigvis. Daniel Gangeskar (V)

Skulekutt vs. andre kutt

Det nye inntektssystemet vil gjere at fylkespolitikarane må kutte over 200 millionar dei komande åra.

Skule og samferdsle er dei store budsjettpostane til fylkeskommunar, og blant debattantane i skuledebatten verka det å stort fleirtal blant partia for å kutte i pengane som går til veg framfor skulekutt.

Vi vil heller prioritere skule framfor samferdsle Yrla Klein (SV)

Skule må vi skjerme til siste nikk. Heller kutt i samferdsle. Daniel Gangeskar (V)

Viss vi legg ned ein skule, og det viser seg at vi får fleire pengar tilbake, er det ikkje slik at vi kan børste støvet av kateteret, skru på lyset og starte i gang. Skulen er borte då. Men viss vi utset eit vegprosjekt, kan vi stikke spaden i jorda og byggje vegen. Torbjørn Vereide (Ap)

Det er meir fornuftig enn å rasere skulestrukturen. Aleksander Øren Heen (Sp) om kvifor han kvifor han vil prioritere kutt i samferdsle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser