Hopp til innhold

Desse barna skal bli stjerner i ny musikkvideo

FLORØ (NRK): Er du blant dei som på eit tidspunkt har hatt songen til barne-TV-serien «Klart eg kan» på hjernen? No er gjengen bak serien i full gang med ny musikkvideo.

"Klart eg kan" får ny musikkvideo.

SONG OG DANS: Med vakker bakgrunn og instruksjonar frå Karoline Berge Hammersmark er seks barn med på lage ny musikkvideo. (Foto: Arne Stubhaug)

Til hausten kjem sesong seks av suksesserien «Klart eg kan», som handlar om barn som gjer nye, og kanskje litt skumle, ting.

Og med sesong seks kjem også ein splitter ny musikkvideo. Onsdag var seks barn saman med TV-teamet på Brandsøyåsen i Florø for å gjere innspelingar.

– Det er kjempekjekt. Vi har dansa, ete frukt og sånt, og så har vi høyrt på at Alfred rappar, seier Felix Solheim (9) frå Dale og Aleksandra Sandvik (8) frå Florø, som er to av dei som er med i musikkvideoen.

Vennegjeng på tur

I tillegg til desse to er også desse med; Alfred Korsøen (11) frå Førde, Anna Kristina Lillestøl Naustdal (12) frå Nordfjordeid, Johanna Dalsbø Tøsse (6) frå Volda og Erian Vilnes Førde (7) frå Førde.

Karoline Berge Hammersmark har regien og ansvaret for koreografien. Ho er svært imponert over dei seks barna som står framfor kamera.

– Dette er tredje dag vi er på opptak med seks fantastiske barn, som leverer både skodespel, latter og dans og rap. Vi er rett og slett på tur. Heile historia handlar om at ein vennegjeng er på tur, og på denne turen skjer det mykje moro, og mange meistrar mykje. Målet er at dei til slutt kjem til toppen, fortel Berge Hammersmark.

Krev tolmod

klart eg kan innspeling av ny musikkvideo

FÅR ROS: Karoline Berge Hammersmark er glad for at ho har med seg seks svært tolmodige barn.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

For nokre år tilbake vart det laga musikkvideo til kjenningen til den populære barne-TV-serien, men songen er den same, i alle fall nesten.

– Vi har fornya musikken litt. No har vi fått opp tempoet litt og gjort den litt meir dansbar, seier Berge Hammersmark i NRK Super.

Felix likar godt å få vere med og danse framfor kamera.

– Eg får den til, men det er litt vanskeleg, seier han.

Og det er mykje dei seks unge skodespelarane må hugse på, og mange instruksjonar å følgje.

– Nokre av opptaka gjer vi både ein, tre og ti gonger, så det er ein kjempetolmodig gjeng vi har med oss, seier Berge Hammersmark.

Musikkvideoen blir synt fram under premierefesten for sesong seks av serien i september/oktober.