Forstår frustrasjonen
Rolf Reikvam skjønar frustrasjonen frå Fortidsminneforeningen, som har venta i over åtte månader for å få svar på ein søknad til kulturdepartementet og miljøverndepartementet om åtte millionar kroner. Pengane skal brukast til å byggje eit avlastingssenter for Borgund Stavkyrkje, som ikkje toler det store publikumspresset. No vil Reikvam sjølv ta kontakt med departementa for å få opp tempoet i sakshandsaminga.
Komplisert
Medan Reikvam synest denne søknaden er enkel og burde gå raskt unna, meiner miljøverndepartementet den lange behandlingstida skuldast at det er ei komplisert sak. Det fortel ekspedisjonssjef i departementet, Ann Elin Bratset.
Bratset kan ikkje seie noko om når søknaden vil vere ferdig behandla, og hos fortidsminneforeininga er det slutt på tolmodet. Viss ikkje dei får svar raskt, vil dei vurdere å stenge stavkyrkja.