Hopp til innhold

Denne utsikta spyttar kommunen 12,5 mill. inn i

Eit samrøystes kommunestyre i Stryn gjekk i dag inn for å løyve 12,5 millionar kroner til eigenkapital i prosjektet Hoven Loen i Loen. – Ein historisk dag, jublar styreleiar Richard Grov.

– Dette er eit enormt prosjekt som vi har vore godt informerte om i heile prosessen. Vi går inn med 12,5 millionar kroner i aksjekapital i prosjektet, seier Sven Flo, og legg til at pengane skal takast frå fond.

– Vi ser på dette som eit infrastrukturprosjekt, og dermed kan vi nytte fondsmidlar. Dette har ikkje noko med drifta av kommunen å gjere, seier Flo.

Kommunestyret vedtok også reguleringsplanen for området i dag. Flo presiserer at Stryn kommune meiner det er viktig å få realisert prosjektet.

– Dette vil bety ei utvikling innan turisme og oppleving som vi ikkje ser mange andre stadar. Det å fornye seg og sjå moglegheiter for framtida er viktig for ein kommune som Stryn, seier Flo.

Var avgjerande for prosjektet

Styreleiar i Hoven Loen, Richard Grov, som også er direktør ved Alexandra Hotel, er svært glad for avgjerda.

– Det er heilt avgjerande for prosjektet, og det er ein utløysande faktor for at prosjektet skal bli realisert, seier Grov.

Richard Grov

STOR DAG: - Dette er ein milepæl, seier Richard Grov.

Han karakteriserer prosjektet som eit fyrtårnprosjekt som han meiner vil dra reisande frå både fjern og nær. På fjellet Hoven, like bak Hotel Alexandra skal det byggjast ein restaurant som har panoramautsikt både mot Skåla, Jostedalsbreen og Sunnmørsalpane.

Ei pendelbane skal frakte turistar frå fjordnivå til høgfjell. Det vert lagt opp til heilårsaktivitet. Vinterstid skal toppturar vere eit viktig element, i kombinasjon med langrennsløyper i 1000 meters høgd.

Har prislapp på 199 millionar kroner

Sommarstid vil det vere 70 kilometer med oppmerkte løyper, alt etter kva vanskegrad ein ønskjer.

Prosjektet, som er delt opp i mange delprosjekt, har ei kostnadsramme på 194 millionar kroner. I tillegg er det ønskjeleg at selskapet har noko driftskapital, slik at totalprisen kjem på 199 millionar kroner.

Med vedtaket i Stryn kommunestyre i dag, er 12,5 millionar kroner på plass til eigenkapital. Kor mykje som manglar i potten, vil ikkje Grov ut med.

– Det er ikkje så veldig mykje. Vi har ambisjon om at ei formell avgjerd om investering skal komme ganske raskt, før vi tek sommarferie, seier Grov.

Meiner ringverknadane vert store

Han meiner prosjektet, når det står ferdig, vil få ringverknadar langt utanfor Loen og Nordfjord.

– Det vil betyr større trafikk i eit ganske stort geografisk område. Vi snakkar søre Sunnmøre, heile Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dette er med på å styrke totaltilbodet, og det vil gje klingande mynt i mange kassar, meiner Grov.

Han peikar på at med pendelbane slepp ein dei første tunge tusenmetrane.

– Du kjem opp i høgda og får oppleve naturen, utsikta og høgfjellet. Du får det i Alpane, og vårt mål er at du også skal få det her på Vestlandet, seier Grov.