NRK Meny
Normal

Dette må han søkje om lov til - men mannen bak nektar

– Nei, det blir heilt feil. Eg kjem ikkje til å søke om lov til å protestere på Havnevesenet si ulovlege utplassering av bøyer i elveosen, seier Anders Fretheim i Flåm.

Cruiseprotest i Flåm

«NO CRUISE SHIT»: Bilete av denne sjøbua har skapt nytt liv i cruisedebatten i Flåm. I alle fall på Facebook. No seier kommunen att protesten er eit skilt og må søkjast om.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Det er ein regulert cruisetrafikk og utplasserte ankringsbøyer i fjorden Anders Fretheim protesterer mot.

Orda «No cruise shit» på toppen av sjøbua ved Kolakaia er ikkje nye. Det er heller snøen som fall i fjor – som skapar nytt cruise-bråk i Aurland.

– Debatten må gjerne halde fram, men det er veldig uheldig å rette dette negativt mot turistane, seier ordførar Noralv Distad (H).

Cruiseprotest i Flåm

MOT FJORDEN: Sjøfarande kan tydeleg sjå beskjeden på taket av Kolakaia i Flåm.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Fjernar dersom ...

Noralv Distad

VELKOMNE: Ordførar Noralv Distad i Høgre likar ikkje dei pågåande cruiseprotestane. – Eg ynskjer og oppmodar alle til å ha ei positiv haldning til turistane og ynskjer dei velkomne. Og eg veit eg har fleirtalet av innbyggjarane med meg i dette, seier han.

Foto: Ole André Rekkedal

Protesten vart fanga opp av ein passasjer om bord på Britannia, og har sidan engasjert på Facebook.

Det var også her kommunen vart kopla på og etter ei vurdering meiner dei protesten er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Men Fretheim har ingen planer om å søke.

– Eg har ikkje tenkt tanken å søkje kommunen om lov til å protestere mot deira ulovlegheit. Eg meiner eg er i min fulle rett til å protestere mot deira ulovlegheiter, seier han.

Protest mot cruiseskip

FÅR STÅ: Kommunen meinte rundballane frå i fjor sommar kunne få stå.

Foto: Anders Fretheim

– Om du no får eit krav om å fjerne bokstavane, vil du gjere det?

– Fjernar dei bøyene, så forsvinn både rundballane og bokstavane. Det har eg kommunisert frå starten av.

– Feie for eiga dør

Anders Fretheim i Flåm har stått i bresjen for cruiseprotestane.

FRYKTAR IKKJE BOT: Anders Fretheim seier han ikkje fryktar bot om han ikkje fjernar bokstavane. – Nei, men då tykkjer eg det er eit paradoks at eg får to bøter, medan Hamnestellet som har gjort dei grove ulovlegheitene ikkje får bot, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Eg tykkjer det blir for gale når ein må bruke plan- og bygningslova til å døyve ein protest. Det er noko som heiter ytringsfridom, seier han og tykkjer det er underleg at ingen har reagert på bokstavane før no.

I fjor fekk rekning på 3 000 kroner då kommunen fjerna ein banner som han hadde hengt opp.

– Skjønar du at protestane blir sett på som kontroversielle?

– Det skjønar eg, men det er i høgste grad også miljøbelastninga det påfører oss med skipa som kjem hit og ligg og dampar skit heile dagen.

210 000 passasjerar

Bygdefolket har sett seg lei av cruiseturismen i Flåm

PROTEST: Fretheim markerte motstanden sin på fleire vis i fjor.

Foto: Ole Andre Rekkedal

Totalt la 160 skip med 210 500 passasjerar til kai i Flåm i fjor. Fretheim meiner dette er for mykje for ei lita bygd som Flåm, og vil ha næringa regulert. Han vil også ha fjerna ankringsbøyer som det kommunale hamnevesenet plasserte utan å søkje om løyve.

– Når kommunen peikar å mine ulovlege skilt, så får dei først sope for eiga dør. Kommunen og kommunestyret har sjølv konkludert med at dei er ulovlege, seier han.

Denne saka skal etter planen opp til ny handsaming i kommunestyret 21. mai.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.