– Eg håpar på dialog og fred, seier dagleg leiar i Sandra Bratland i Cruise Norway.
Onsdag deltok ho på ein cruisekonferanse i Flåm, i fjor opplevde
frå bygdefolket i Flåm. Bratland håpar bygda i år vil ta imot cruisenæringa betre enn i fjor, fordi cruisenæringa er så stor og viktig for bygdaHÅPAR PÅ FRED: dagleg leiar i Cruise Norway, Sandra Bratland.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Den er svært viktig. 70 prosent av anløpa som kjem til Norge, dei kjem til dei vestnorske fjordane. Dersom ein skal snakke om fyrtårn så er Flåm definitivt eitt av fyrtårna.
Vil ha diskusjon om tolegrense
Men populariteten er eit tviegga sverd, og for bonde Anders Fretheim har ein for lengst nådd tolegrensa. I fjor aksjonerte han kraftig mot mellom anna med
–Responsen i ettertid på aksjonane har vore positive, og vi greidde jo å få reist ein debatt på landsplan.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
På cruisekonferansen i Flåm onsdag blei blant anna tolegrenser diskutert
–Det er nettopp det vi har etterlyst. Her står vi i eit verdsarvområdet og snakkar om cruise og berekraft. For meg er det to absolutte ytterpunkt.
Han seier aksjonane i fjor var eit resultat av frustrasjonar som hadde bygt seg opp over lang tid. Han seier dei fleire gonger hadde prøvde å ta det opp med næringa utan å nå fram-
VARSLAR NYE AKSJONAR: Bonde Anders Fretheim i Flåm.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Så skreiv vi på nokre rundballar, og så er det som om heile cruisenæringa skal falle saman.
Blei lagt merke til
Cruiseprotestane i fjor blei lagt merke til. Det var ikkje berre cruiseturistane som ikkje lenger kjende seg velkomne i turistmålet Flåm. Også andre tilreisande stilte i fjor spørsmål ved om også dei ver uvelkome seier Bratland.
– Eg tykkjer det er svært uheldig med denne typen protestar. Eg håpar at dette vil kunne la seg løyse gjennom dialog no før vi tar fatt på ein nye cruisesesong.
Også Fretheim er innstilt på dialog.
– Det er akkurat det vi har etterlyst. Dialog. Det er ingen her som har nokon illusjon om at cruiseturismen kjem til å forsvinne. Det er måten det blir gjort på, og difor meiner vi det er viktig å diskutere tolegrensene.
Han seier han kjem til å halde fram aksjonane også når den nye cruisesesongen startar.
– Dette kan vi på ingen måte akseptere, så aksjonane held fram.